Sacha Kuilman (23) er frustrert over eit firkanta regelverk som nektar ho å bli heilt norsk.

Ho har budd i Noreg heile livet, har gått på skule her, snakkar og skriv flytande norsk, og har jobba for kommunen. Men ho er fødd i Nederland og har aldri hatt norsk statsborgarskap.

Det norske passet får ho ikkje heller – etter lang behandlingstid har UDI bestemt at Kuilman ikkje får norsk statsborgarskap. Grunnen? Ho studerte tre år i Nederland, med støtte frå Lånekassen. Ifølgje lovverket skal den som søker om statsborgarskap «ha opphaldt seg i Noreg i til saman sju av dei siste ti åra». I tillegg må ein ha vore dei tre siste åra i Noreg – og det er dette kravet Kuilman ikkje oppfyller.

Les også: Yousef Shamari måtte venta i over 15 år før han fekk det norske passet. I mellomtida var han statslaus.

Var sikker på å bli godkjend
– Då eg flytta til Nederland for å studera skjønte eg kor norsk eg eigentleg er. Eg hadde aldri tenkt over behovet for å vera norsk statsborgar før, men no er det ganske trist å ikkje vera «norsk nok», fortel Kuilman.

23-åringen sit i ein sofa på Café Sør i Oslo og fiskar fram avslagsbreva frå UDI. Då ho søkte om norsk statsborgarskap i fjor, tok ho det som ein sjølvfølgje at det skulle bli godkjend.

– Eg søkte, og tenkte ikkje over at det var mogleg at eg ikkje skulle bli godkjend. Det var eit slag i ansiktet, eg var ikkje budd på at det kunne bli eit nei.

Då ho fekk avslaget, klaga ho med ein gong. Den klagen er sendt til Utlendingsnemnda (UNE) – her har ho endå ikkje fått svar.

Ganske absolutt lovverk
Då Kuilman reiste til Nederland for å studera, gjorde ho det med støtte frå Lånekassen. Det tykkjer ho gjer heile situasjonen ekstra spesiell.

– Den einaste grunnen til at eg kunne reisa til Nederland, var at den norske staten ga meg pengar for å gjera det, gjennom Lånekassen. Så får eg ikkje statsborgarskapet på grunn av det opphaldet. Det er berre veldig spesielt.

Då ho klaga på vedtaket frå UDI, vart klagen sendt til UNE. Dei har enno ikkje behandla søknaden, og fortel at det kan ta litt tid før den er ferdigbehandla. Derfor er det lite verken UDI eller UNE kan sei om saka direkte.

UNE kan likevel uttala seg om kor mykje slingringsmonn det er å finna i slike saker.

– Lovverket er i utgangspunktet absolutt, men det finst ei generell unntaksavgjersle. Om det blir gjort unntak kjem an på ei konkret vurdering av forholda i den aktuelle saka, fortel Andreas Rakli, fungerande seksjonssjef i UNE.

På spørsmålet om det er aktuelt å innføra eit bestemt unntak for studieopphald i utlandet i slike saker, viser Rakli til dei som lagar lovane – Stortinget.

– Svært få moglegheiter for unntak
UDI utdjupar kvifor Kuilman fekk avslag på søknaden i utgangspunktet.

– Reglane for statsborgarskap gir svært få moglegheiter for unntak. Tilknytinga gjennom å ha budd i landet over lengre tid er eit veldig sentralt vilkår, forklarar områdeleiar i UDI, Anne Kari Kollstrøm.

– Sidan ho har budd i Nederland dei siste tre åra og hatt andre lengre utanlandsopphald, kan ho ikkje få statsborgarskap før ho har budd i landet lenge nok til at ho fyller kravet, legg Kollstrøm til.

At Kuilman har vore folkeregistrert i Noreg, og vore heime i lengre periodar i feriar, har ikkje noko å seia for statsborgarskapet – det er kor ein faktisk er som betyr noko. Kollstrøm oppmodar likevel Kuilman om å ikkje uroa seg for framtida.

– Det er tryggleik i å vita at ho ikkje mistar løyvet til å vera i Noreg under studiane, og at ho kan bu i Noreg når studiane er ferdige. Dette er ein fridom Kuilman allereie har sjølv om ho ikkje er norsk statsborgar, seier Kollstrøm.

Eit spørsmål om identitet
I dag har Kuilman nederlandsk pass og personnummer – personnummeret har ho akkurat fått, sidan ho har budd i Noreg omtrent heile livet. Men det nederlandske passet gir ho frå seg med glede, i byte mot eit norsk pass.

– Eg ser ikkje på meg sjølv som nederlandsk i det heile. Eg følte meg ikkje nederlandsk, og snakkar ikkje nederlandsk heime, berre av og til med mor mi. Med far min snakkar eg norsk. Eg har inga tilknyting til Nederland, utanom besteforeldra mine, seier Kuilman.

No føler ho seg stengt ute frå «den norske eliteklubben».

– Eg føler meg så norsk, og ingen ser på meg som noko anna. Eg får vera her, jobba her og betala skatt, som eg har gjort sidan eg var 16. Eg får støtte frå Lånekassen, men eg får ikkje stemma ved Stortingsvalet eller representera Noreg i utlandet.

No ventar ho på svar på klagen, men ho er ikkje spesielt optimistisk for at UNE skal snu avgjersla og gi ho det norske passet.

– Juridisk sett har eg ikkje ein sak, det veit eg. Eg meiner berre det er feil at eg ikkje er norsk, for det er eg. Lovene fungerer nok i teorien, men om nokon har budd i Norge så lenge, hatt foreldre her, betalt skatt her og fått støtte frå Lånekassen, så meiner eg at det ikkje burde vera eit problem, seier Kuilman.

Les meir:

James K. Puchowski er britisk, og vart fascinert av den norske språksituasjonen. Han reiste til Noreg for å læra nynorsk!

Talet på utvekslingsstudentar aukar kraftig. I fjor var det 15 gonger så mange på utveksling som i 2000.

ANSA: Brexit kan bli positivt for utvekslingsstudentar

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.10

Kommentarar

ANNONSE