Widerøe: Auka flyavgifter rammar Distrikts-Noreg hardast

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Auka flyavgifter rammar Distrikts-Noreg

Selskapet listar opp ei rekke nye og endra avgifter som inneber fleire millionar i ekstra utgifter, skriv Dagsavisen.

– Flyseteavgifta er utan tvil den som rammar hardast, men det er likevel summen av alle avgifter som gjer det veldig vanskeleg å vidareutvikle eit godt kommersielt tilbod i Distrikts-Noreg, seier kommunikasjonsdirektør Silje Brandvoll i Widerøe.

Ifølgje Widerøe har avgiftene på enkelte strekningar auka med over 50 prosent. Selskapet betener 46 flyplassar i Noreg, mange i grisgrendte strøk med få transportalternativ.

– For mange er Widerøe kollektivtransporttilbodet eller «bussen». På grunn av store avstandar er fly ofte det einaste reelle alternativet, påpeiker Brandvoll. Ruter med lite passasjergrunnlag kan gå frå å vere lønnsame til å bli ulønnsame, seier ho.

Rundt 65 prosent av Widerøes ruter vert drivne kommersielt, og det er her avgiftsauken merkast. Dei andre rutene vert drivne på anbod frå staten, og her får selskapet kompensasjon. (©NPK)

Les meir:

Eit stort problem for distrikta er at kvinnene flyttar, og ikkje vil komma tilbake. Sjølv om dei vil tilbake, finn dei ikkje ein plass. Verst er det i Møre og Romsdal.

Jostein Avdem Fretland er lei av at folk meiner ein senkar ambisjonen om ein reiser frå byen. Det lagar han eit teaterstykke om.