Sexolog: Etterlyser betre tilbod for overgriparar

Éin av fire som er mistenkt, sikta eller dømt for valdtekt har gjort liknande overgrep før.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil ha betre tilbod for overgriparar

På Institutt for klinisk sexologi og terapi (IKST) har dei i dag rundt 40 personar som står på venteliste for behandling – anten fordi dei har utført overgrep, eller fordi dei står i fare for å gjera det. Desse personane kan risikere å vente i om lag to år på å få den hjelpa dei treng.

– Det seier litt om behovet og mangel på tilbod og bevillingar. I verste fall risikerer me at dei forgrip seg på nytt, noko som er alvorleg, seier sexolog Margrete Wiede Aasland.

Til instituttet kjem både tidlegare straffedømte og folk med reint rulleblad, som har forgripe seg mot kvinner, menn og barn.

Forvaringsdømte må gjennom behandling, men elles er det få personar i Noreg som vert dømt til behandling.

Vald og vanskelege relasjonar
Psykolog Sylva Krogh har mange års erfaring med behandling av både offer og overgriparar. 

– Der er kjent at valdtekt handlar meir om vald enn sex og nærheit. Ofte handlar det om stor avmaktskjensle. Det er gjerne menneskjer som har eit klønete forhold til utrykka eigne behov til folk som kan gje dei noko godt, difor kjem det ut som frustrasjon, sinne og avmakt. Ofte handlar det om avsky for seg sjølv. Dei klarar ikkje å formidle krenkelsar og smerte, difor øydelegg dei andre, forklarar Krogh.

Psykologen meiner at straffespiralen ofte går galt, fordi det byggjer opp under avskyen for seg sjølv, utan at personen lærer å takla sårbarheit og krenkingar på ein god måte.

Ho understrekar at det ikkje er nokon automatikk i at dei som har opplevd seksuelle overgrep, sjølv vert overgriparar, men at ho erfarer at dei fleste overgriparar har opplevd ulike former for krenkingar frå tillitspersonar. Dette kan gjere at personane har eit uklart forhold til eigne og andre sine grenser og ikkje evnar å setja seg inn i korleis andre personar har det.

Både Aasland og Krogh er klare på at dette ikkje unnskyldar overgrepet, men er med på å underbyggje viktigheita av terapi.

– Eg forstår mekanismane bak overgrep og kan forklara dei, men eg forsvarer det ikkje. Som utsett har ein all rett til å vere forbanna, men å halde fram å vere forbanna gjer ikkje noko med tendensane, seier Krogh.

Ho meiner faren for å gjera meir utuktskriminalitet er stor, om ein ikkje får hjelp til å handtere eigne negative kjensler.

Gjengangarar
Lisa Arntzen, sosionom ved Dixi – eit ressurssenter for valdtekne, etterlyser betre oppfølging etter ferdig soning.

– Du har eksempel på at folk som har sitte inne for vald og valdtekt, kjem rett ut og gjer det same.

Ifølgje Kripsos sin årlege valdtektsrapportvar éin av fire som er mistenkt, sikta eller domfelt i valdtektssaker i 2014, registrert med andre utuktssaker. 61 personar var politimeldt for meir enn éi valdtekt. Til saman stod fem av desse personane for 63 saker.

61 av dei i alt 1098 registrerte gjerningspersonane var registrert med meir enn éin valdtektssak i 2015.

Line Rødseth, som i dokumentaren «Stolt av deg» fortalte opent om rettssaka ho som valdtektsoffer gjekk gjennom, skulle gjerne sett meir forsking både på overgripar og offer i valdtektssaker.

Ho er einig i at behandling av dei som valdtek er viktig for å førebyggja nye overgrep.

Folkehelseproblem
Wiede Aasland peikar på at sjølv om det finnast fleire tilbod til offera enn overgriparane, så er det mangel på god nok hjelp og oppfølging for alle.

– Seksuelle overgrep er skadeleg og offera risikerer å verte ståande utfor arbeidslivet. Det er dyrt å ikkje setje i verk tiltak for overgriparar, utsette barn og voldtektsutsette, seier sexologen.

Ein tredel av dei som får uføretrygd frå NAV står utanfor arbeidslivet på grunn av ulike psykiske lidingar.

Ifølgje rapporten UngVold 2015 har 29 prosent av jentene og 7 prosent av gutane hadde vore utsett for ei eller anna form for seksuell krenking i oppveksten.

– Seksuelle overgrep eit folkehelseproblem. Hadde dette vore nokon som helst annan alvorleg sjukdom som så mange vart utsett for, ville det vorte sett i gang masse tiltak, konkluderer Wiede Aasland, som ikkje skjønar kvifor dette ikkje vert prioritert høgare av politikarane.

Mangel på tilbod i nord
Krogh jobbar i desse dagar med å starta opp eitt tilbod frå Institutt for klinisk sexologi og terapi i Nord-Noreg. Ho meiner behovet i regionen er skrikande.

Psykologen er positiv til løysingar med meklarsamtalar mellom offer og overgripar, som tek sikte på å få overgriparen med på ein avtale med å søkja behandling og ta på seg ansvaret. 

– Risikoen for å gjere det igjen er tilstade om ein ikkje gjer noko med det. Folk vil ikkje skada folk. Mi oppmoding er at ein må søkja hjelp. Uansett om ein er redd for å bli avslørt må ein ta tak i det. Skamma fører gjerne inn i eitt destruktivt mønster, litt som alkohol. Men det er ingen som vil gå og forakte seg sjølv.

Krogh erfarer at dei som søkjer hjelp er veldig fortvila og har eitt ynskje om å ikkje utføra overgrep – anten det dreier seg om barneporno eller andre former for overgrep.

Les meir:

Denne har mange lest: Line Rødseth vart valdteken som 20-åring. No har ho og tvillingbroren laga ein dokumentar om valdtekta og prosessen etter.

Frå hausten av skal studentane verte betre rusta for å avdekkje og handskast med overgrep. – Det har dei sagt i 30 år, seier sexolog.

Trist statistikk: Éi av fire jenter har blitt seksuelt krenkte. Jamaldrande gutar står for over halvparten av overgrepa.

Faktaboks

Valdtektssituasjonen 2015:

Éi av ti jenter har vorte utsett for valdtekt

2-3 prosent av gutane fortel at dei har vorte utsett for valdtekt

29 prosent av jentene og 7 prosent av gutane har opplevd seksuelt krenkande åtferd

Ein reknar med at det kvart år skjer mellom 8000 og 16000 valdtekter i Noreg årleg

1367 politimeldte valdtekt i 2015, ei auke frå 2014

I 67 prosent av tilfella er gjerningspersonen ein ven, venninne, kjærast eller kjenning

Av 1309 overgrepsutsette var 41 personar registrert som fornærma i meir enn éi sak

1098 personar var mistenkt, sikta eller dømt for valdtekt

44 prosent av desse var registrert som mistenkt, sikta eller domfelt i valdssaker

Éin av fire var registrert med andre utuktssaker

61 personar var meldt for meir enn éi valdtekt

Av desse stod fem personar for 63 saker

Kjelde: Kripos, UngVold-2015