Ei oppstartsbedrift i New York har samla inn 53,5 millionar dollar til å «dyrka» lær i laboratoriet, i staden for å ta det frå daude dyr.

Selskapet heiter Modern Meadow, og vart grunnlagd i 2011. Dei jobbar med å produsera lær i laboratoriet, utan at dyr skal bli slakta. Dei har samla inn 53,5 millionar  dollar til prosjektet sidan 2011, skriv Futurism.

Å dyrka lær i laboratoriet i staden for å slakta til dømes kyr har fleire fordelar: Ikkje berre slepp ein å skada og slakta dyr, men prosjektet har store miljøfordeler. Å produsera lær på den tradisjonelle måten er ei stor påkjenning, både med tanke på kor mykje ressursar kyrne treng og den kjemiske prosessen læret går gjennom etter at det har blitt tatt frå kua.

Les også: Apropos kyr! Har du sett Blosom, den høgste kua som har levd?

Med prosessen, kalla biofabrikering, kan selskap som Modern Meadow designa og gro fram sitt eige lær, utan å gå gjennom heile prosessen med kyrne.

Ifølgje Futurism jobbar Modern Meadow også med å dyrka fram kjøt på same måte.

Les meir:

Nordmenn et mindre kjøt – i fjor gjekk kjøtforbruket i landet ned for første gong på lenge.

Treng me eigentleg å eta så mykje kjøt? Ernæringsprofessor Birger Svihus kan skriva under på at grønsaker er supermat.

Men på den andre sida: Det er ingen grunn til å hoppe på trenden med å kutte ut raudt kjøt og mjølk, meiner ein annan ernæringsprofessor.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.10

LES OGSÅ

ANNONSE