Rekordlåge nivå for polarisen i juni

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Juni, og alle andre månadar i vår utanom mars, har sett nye rekordar for issmelting, skriv The Guardian. Det er den varme vinteren som gjer at isen smeltar så fort akkurat no, ifølgje tala frå National Snow and Ice Data Center.

Polarisen som vart målt i juni var 260.000 km2 mindre enn isen som vart målt i 2010, og heile 1,36 millionar km2 mindre enn snittet mellom 1981 og 2010. Det er eit område på storleik med Texas, den nest største staten i USA.

Her kan du sjå utviklinga til polarisen dei siste fire åra:

Biletet kjem frå National Snow and Ice Data Center

Les meir:

Det varme klimaet skapar fleire problem – blant dei er meir flått.

CO2-fanging blir kalla «den norske månelandinga». No er tre forslag på plass – dei er billigare enn frykta.

Her er ei god nyheit: Holet i ozonlaget lukkar seg! Og det fortare enn me trudde.