USA: Vil endra datostemplinga for å kasta mindre mat
Over ein fjerdedel av maten som blir kjøpt i USA blir kasta. Det vil kongressen gjera noko med. Men er det løysinga?
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
USA vil kasta mindre mat
Forslaget er å gjera datostemplinga tydelegare, skriv Slate.com.
I USA er det vanleg å kasta mat, slik som her heime. Det fører til at store deler av maten som blir kjøpt havnar rett i søppelet – opptil 30-40 prosent av maten, ifølgje World Food Day. Den amerikanske kongressen har eit litt meir konservativt tal: 20 prosent av maten blir kasta, noko som svarar til 29 milliardar dollar kvart år, i tillegg til ei stor påkjenning for miljøet.
Forvirrande datostempling
Det er vanleg å peika på ei slavisk tru på datostempling som ein grunn – folk kastar mat når datostemplinga nærmar seg, i staden for å lukta og sjå på maten først. Mange veit heller ikkje skilnaden på «use by» og «best before», også som her heime, med «siste forbruksdag» og «best før». Er ei matvare merka med «siste forbruksdag», er det meir utrygt å eta ho enn etter «best før»-datoen, men mange veit ikkje det.
Derfor vil den amerikanske kongressen innføra strengare krav for datostempling av mat, i eit forsøk på å kutta matkastinga.
Men er stemplinga problemet?
Slate-journalisten, Shannon Palus, trur ikkje tydelegare datostempling løyser noko. Ho peikar på ei undersøking gjort i Storbritannia, som viser at berre ein femtedel av matavfallet blir kasta på grunn av datostemplinga.
Problemet er heller planlegginga, skriv Palus – og viser til forsking som konkluderer med at me har mykje større tru på eigne evner som kokkar og menneske med sunt kosthald i butikken, enn me har heime. Me legg planar for kva me skal eta, men gjennomfører dei aldri.
Derfor er ikkje datostemplinga det einaste problemet – men det vil nok hjelpa. Kongressen skal behandla forslaget seinare i år.
Les meir: