Rapport: Kolforureining drep 23.000 årleg i Europa

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kolforureining drep 23.000 årleg

Rapporten beviser for første gong at forureining frå europeiske kolkraftverk gjer borgarar i naboland dødeleg sjuke, skriv dei fire organisasjonane som står bak undersøkinga. Totalt mista 22.900 europearar livet på grunn av kolforureining i 2013. Organisasjonane HEAL, som arbeider for betre klima og miljø i Europa, WWF, Climate Action Network Europe og Sandbag har analysert utslepp frå 257 av totalt 280 kolkraftverk.

I tillegg til dødsfall, skuldar rapporten kraftverka for nesten 12.000 nye tilfelle av kronisk bronkitt og meir ein 500.000 tilfelle av astma blant barn. Den medisinske behandlinga som trengst, i tillegg til redusert produktivitet grunna fråvær frå jobb, fører til ein kostnad på mellom 300 og 575 milliardar kroner, ifølgje rapporten. (©NPK)

Les meir:

Kolet er den største klimasyndaren – og verdien stupar. Oljefondet har solgt seg ut.

CO2-fanginga, ofte kalla «den norske månelandinga» kan bli billigare enn frykta. Det får internasjonal merksemd.

Her er ei god nyheit: Holet i ozonlaget lukkar seg fortare enn me trudde!