Sverige: Vil skru opp lærarkrava

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Liberalerna, det svenske søsterpartiet til Venstre, vil løfta krava i lærarutdanninga i Sverige. Det skriv Skolvärlden. Bakgrunnen for forslaget er mellom anna stort fråfall i lærarutdanninga – så mykje som 38 prosent av studentane på faglærarutdanninga retta mot 7. – 9. klasse hoppar av tidleg i utdanninga, og blant dei som hoppar av er fleirtalet menn.

Forslaget frå Liberalerna går ut på å stramma til krava for å komma inn, slik det også er bestemt her i Noreg. Mellom anna skal karakterkravet i svensk aukast til C, som tilsvarar karakteren 4. I faglærarutdanninga skal du også ha karakteren C i det aktuelle faget du skal undervisa i.

– Kommunane har ikkje vore i stand til å auka statusen til læraryrket og betra vilkåra for sysselsetting. Det er ein stor fiasko at staten må gripa inn og detaljstyra arbeidsforholda til lærarane. Me må halda fram med å auka lærarlønningane, men me må også auka opptakskrava, seier Jan Björklund, partileiar i Liberalerna.

Les meir:

Frå hausten skal ferske lærarar læra å kjenna igjen seksuelle overgrep. – Det har dei sagt i 30 år, seier sexolog. Ho vil gi seksualundervising til ungane tidlegare.

Her heime strauk 4 av 10 studentar på grunnskulelærarutdanninga i matte i fjor. Nedslåande, seier kunnskapsministeren.

Leiar i Oslo Studentmållag: Lærarstudentar får for dårleg opplæring i nynorsk.