«Nigel Farage trekkjer seg og fullfører brannen i Brexit-leiinga»

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fleire angrar på Brexit

Den siste tida har vore kaotisk for britane. 24. juni bestemte Storbritannia seg for å melda seg ut av EU. Sidan den gong har det skjedd ein del ugreie ting (sjå faktaboks). Sist i rekka: UKIP-leiar og Brexit-entusiast Nigel Farage trekk seg.

Han har vore mottakar av hard kritikk, i likskap med resten av Brexit-leiren, etter at fleire av løfta som vart gitt under valkampen ikkje lenger er aktuelle. Tilhengarane av å melda Storbritannia ut av EU blir skulda for feilinformasjon og dårleg planlegging, også Nigel Farage.

Sjølv seier han at avgjersla om å trekka seg er at han vil ha livet sitt tilbake, etter å ha nådd det største politiske målet han hadde sett seg: Å få Storbritannia ut av EU.

 

Det er berre eitt år sidan sist gong Nigel Farage annonserte at han skulle trekka seg som leiar – i fjor vart han ikkje valt inn som parlamentsmedlem i parlamentsvalet, og ville gå av. Det gjorde han likevel ikkje, og fekk ei sentral rolle i Brexit-kampanjen.

No understrekar han at han ikkje vil ombestemma seg igjen.

Usikker framtid
Ein av redaktørane i The Economist, Tom Standage, analyserer avgangen syrleg: «Farage går av, og fullfører brannen hos leiarskapet i den sigrande Brexit-kampanjen. Du kan ikkje dikta opp dette (igjen).»

 

Den usikre framtida til britane etter å ha forlatt EU, saman med det politiske og økonomiske kaoset, har gjort at mange angrar på stemma si. Mellom anna Barry Bond frå Essex:

 

Mange proteststemmer
Faktisk er det mange fleire enn Barry som angrar – ifølgje The Independent viser ei ny undersøking at så mykje som sju prosent av dei som stemte for å melda seg ut av EU no angrar.

Mange har, om ein skal tru undersøkinga, aldri trudd at Brexit faktisk kom til å bli ein realitet. Faktisk trudde så mykje som ti prosent av dei spurde dette.

Mykje av stemmene er truleg proteststemmer, fryktar mange no, blant andre Katherine Cross, som skriv denne teksten for Rolling Stone.

 

– Denne episoden er ei sterk åtvaring om knivseggen vestlige demokrati står på no: Alle stemmer teller, og ingen bør bli kasta vekk i impotent protest, skriv Cross.

Ville eigentleg ikkje ut av EU
Huffington Post UK skriv også om fleire britar som stemte for å forlata EU, men som no angrar. Mellom anna 78 år gamle Barbara Ansdale, som ringde inn til BBC Radio 4:

– Eg baserte stemma på feil premiss, eigentleg. Eg stemte ikkje eigentleg for å komma meg ut av EU, sa Ansdale, og legg til at ho vart sjokkert då resultatet kom, og at ho angrar.

Ho er ikkje åleine.

 

Og så angra han på valet sitt. Storbritannia er rett og slett råka av eit nytt fenomen: #Bregret

 

Faktaboks

Her er noko av det uheldige som har skjedd med og i Storbritannia etter Brexit:

– Pundet har stupt i verdi

– Verdsøkonomien vore veldig usikkert, såpass ille at investorar heller kjøper sikre tap enn å risikera store smellar

– Ei bølgje av hatkriminalitet har sveipa over Storbritannia

– Brexit-leiren har mangla gode planar for å fullføra reisa frå EU, og snur på fleire av løfta som vart gitt i valkampen

– Store deler av Labour-partiet har trukke seg, og protestert mot leiar Jeremy Corbyn. Han tapte også eit mistillitsforslag, men har enno ikkje trukke seg.

– Statsminister David Cameron har også gått av, og det er veldig usikkert kven som tek over styringa av det konservative partiet, og kven som blir statsminister.

– Den mest trulege kandidaten var ein periode ein av Brexit-generalane, Boris Johnson, men han har også trekt seg.

– I dag trakk også leiaren av UKIP, Nigel Farage, seg.