Rekordpopulært for unge å læra gardsdrift denne sommaren

88 ungdommar reiser til seters for å læra om gard.

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I sommar er gardsdrift rekordpopulært

Grønt Spatak er utplasseringsprosjektet til Natur og Ungdom og Norsk Bonde- og Småbrukarlag. Sidan 1993 har dei sendt ungdom frå 16 år og opp ut på utplassering i minst 10 dagar på ein seter, ein gard eller tilsvarande. I år er det 88 påmelde – rekord, melder Natur og Ungdom.

– I ei tid med folketalsauke, skeivfordelingar og klimaendringar som gjer jordbruket vanskelegare, er det å fø verdas befolkning blant dei største utfordringane i vår tid. Noreg må auka matproduksjonen, og det må skje på ein miljøvennleg måte, seier Henriette Stoltenberg, koordinator for Grønt Spatak hos Natur og Ungdom. Det er motivasjonen for å læra fleire unge om landbruk og matproduksjon.

Les også:

På Ås kan forskarane sjå rett inn i magen på kyrne. Dei jobbar med å finne det beste fôret til Dagros.

Landbruket i dag står for store utslepp, men norske bønder kan kutte klimagassutsleppa med 20 prosent utan å produsere mindre mat

Har du sett rosa rundballar i sommar? Dette er grunnen.