Studie: Me har ikkje sjanse til å nå 1,5-gradersmålet
Ei austerriksk studie konkluderer med at det er meir truleg at me må sikta på eit tregradersmål.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Me når ikkje 1,5-gradersmålet
ScienceAlert skriv om det litt nedslåande resultatet frå International Institute for Applied Systems Analysis (IIASA) i Austerrike, som såg på løfta dei 195 landa som skreiv under på klimaavtalen i Paris hadde gitt. Dei rekna seg fram til at verda allereie har gått glipp av sjansen til å hindra at den globale temperature stig med 1,5 grader innan 2100 – dei konkluderer også med at togradersmålet vil bli vanskeleg å nå, om ikkje landa som skreiv under på avtalen lovar å kutta utsleppa endå meir.
Dersom landa som skreiv under avtalen held løfta sine og kuttar utsleppa som dei skal, er det meir truleg at me får ei temperaturauke på 2,6 til 3,1 grader, konkluderer studien.
Dette var nedslåande, men det finst også godt nytt:
Endeleg ser holet i ozonlaget ut til å lukka seg! Og det mykje raskare enn nokon hadde venta.
På Island fann dei ut korleis ein kan gjera CO2 om til stein – eit skikkeleg gjennombrot!