Gode nyheiter: Holet i ozonlaget lukkar seg!

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Holet i ozonlaget lukkar seg!

NTB skriv om ei fersk studie gjennomført av britiske og amerikanske forskarar, som viser at holet i ozonlaget er på god veg til å lukka seg – og det raskare enn ein trudde tidlegare.

Susan Solomon frå MIT leia forskinga, og seier til bladet Science at resultata er ei gledeleg overrasking. Spesielt overraskande er det at holet tettar seg no – så seint som i oktober i fjor var holet rekordstort, og dekka rundt 28 millionar kvadratkilometer, ifølgje NRK. Det er nesten tre gonger så stort som USA.

Då var resultata påverka av eit kraftig vulkanutbrot på Chile i fjor. Nyare tal viser at holet har krympa kraftig sidan 2000 – holet dekker no rundt 4 millionar kvadratkilometer mindre enn den gong, eit område på storleik med India.

Ikkje første gong med positive tendensar
Ein rapport frå Nasa i fjor viste også at me var på rett veg, men dei var mindre ambisiøse. Då rekna dei seg fram til at holet kunne tetta seg innan slutten på århundret.

Den nye rapporten er meir optimistisk – britane og amerikanarane trur me kan lukka holet heilt innan 2050 eller 2060.

– No ser me faktisk at planeten er på veg til å bli betre, det er heilt fantastisk, seier Susan Solomon til MIT.

Fleire gode klimanyheiter? Dei finst faktisk:

På Island fann dei ut korleis ein kan gjera CO2 om til stein – eit skikkeleg gjennombrot!

Før jul møttes verdsleiarane i Paris for å skriva under ein historisk klimaavtale

Men det er også dårleg nytt: Mai var 13. månad på rad med varmerekord

Faktaboks

Ozonlaget byrjar ca. 18-50 km over bakken og består av noko meir ozon enn resten av atmosfæren.

Dette laget bidreg til å halda farlege UV-stråler frå sola ute.

Store utslepp av ulike kjemiske gassar, mellom anna klorfluorkarbon, som ofte blir omtala som drivhusgassar, bidreg til at ozonlaget blir tynnare og får store hol.

På 1980-talet fann me først ut om holet i ozonlaget. Sidan då har me jobba for å tetta det – og no ser det ut til å fungera.