Over 5300 var på Dei nynorske festspela

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka er henta med velvilje frå Møre-Nytt.

Under Dei nynorske festspela har temaet morsmål sett den nynorske språksituasjonen inn i eit internasjonalt perspektiv. Utøvarane skryt av eit engasjert publikum som på si side fekk unike kunstnarlege opplevingar og ny innsikt. Hovudpersonen, festspeldiktar Ruth Lillegraven, fortel at ho kjem til å minnast Dei nynorske festspela 2016 med stor glede og takksemd.

– Det har vore spennande, varierte og givande dagar som festspeldiktar. Ikkje minst var det fint å kunne formidle litteratur til alt frå små born i bygdetunet til godt vaksne på omsorgssenteret. Eg er glad for at eg ved to høve fekk lese saman med to kvinner som har lese på sine morsmål, persisk og arabisk. Stas var det også å samtale og opptre saman med dyktige programleiarar og forfattarkollegaer – og ikkje minst fantastiske musikarar, seier Lillegraven.

Regnet stoppa ikkje publikum frå å fylle Uteamfiet kvar kveld, og mest publikum trekte Ingebjørg Bratland fredag kveld. I år var det heile 55 arrangement i Ivar Aasen-tunet og rundt om i vertskommunane Ørsta og Volda.

Meir om Dei nynorske festspela?

Martine Rørstad Sand er Årets nynorskbrukar: Ho er dama bak nyhendestraumen din på Facebook.

Årets nynorskbrukar var eit godt val – ho viser at nynorsken ikkje berre er for gamle gubbar, skriv Framtida-journalist Anders Veberg.