«Marco Polo» er klar for neste reise. Og i dragsuget hans kan du legge ut på reine oppdagingsferda i sommarseriar.

(NPK-NTB-Emil L. Mohr):
(NPK-NTB-Emil L. Mohr):
Faktaboks

 Fakta om «Marco Polo»:

* Amerikansk dramaserie frå 2014

* Skapt av John Fusco

* I rollene: Lorenzo Richelmy, Benedict Wong, Joan Chen, Remy Hii, Michelle Yeoh, Tom Wu, m.fl.

* Sesongpremiere: 1. juli på Netflix

Seriepremierar:

«Marco Polo»: (sesong 2): Netflix 1. juli

«Between» (sesong 2): Netflix 1. juli

«Marcella»: Netflix 1. juli

«Mr. Robot»: HBO Nordic 1. juli

«The Good Wife»: Viaplay 1. juli

«Killjoys»: HBO Nordic 2. juli

«Springflo»: NRK1 4. juli

«Aquarius»: (sesong 2): TV 2 Sumo 6. juli

«Word Party»: Netflix 8. juli

«Hawaii Five-O»: (sesong 6): TV 2/TV 2 Sumo 11. Juli

«The Detour»: TNT Norge 11. juli

«Difficult People»: (sesong 2): HBO Nordic 13. juli

«Ray Donovan»: (sesong 3): TV 2 Sumo 13. juli

«Stranger Things»: Netflix 15. juli

«Ballers» (sesong 2): HBO Nordic 17. juli

«Shameless» (sesong 6): VOX 17. juli

«Power» (sesong 3): HBO Nordic 18. juli

«Vice Principals»: HBO Nordic 18. juli

«Six»: HBO Nordic 19. juli

«BoJack Horseman»: (sesong 3): Netflix 22. juli

«Degrassi: Next Class»: (sesong 2): Netflix 22. juli

«Survivor's Remorse»: (sesong 3): HBO Nordic 25. juli

«The Mindy Project»: HBO Nordic 1. august

«Devious Maids»: (sesong 4): FEM 3. august

«The Get Down»: Netflix 12. august

«Wayward Pines»: (sesong 2): FOX 18. august

«Fear the Walking Dead»: (sesong 2, del 2): HBO Nordic 22. august

Kjelde: serienytt.no

LES FAKTALUKK FAKTA

Mens vêrmeldinga er høgst tvilsam, lovar TV-langtidsvarselet desto betre. Dei kommande to månadane byr på ei rad ur- og sesongpremierer, enten du føretrekkjer strøyming eller tradisjonelle format.

I det første juli-heatet treffer vi ein gammal kjenning: «Marco Polo», spelt av Lorenzo Richelmy.

– Vi startar sesong to nøyaktig der vi avslutta einaren. Kublai Khan tar over Kina, og Polo-figuren går frå å vere ein slags tenar til å bli ein avhalden person ved hoffet, fortel den italienske stjerna til NTB under Netflix-vårsleppet i Paris.

– Førre gong følgde vi Marcos reise frå Venezia og etablerte dette temmeleg annleise, austlege universet. No har vi det rett og slett moro i det. Vi utviklar skikkelsane og lar kvar og ein av dei vise oss sine respektive – gjerne mørkare – sider, legg Richelmy til.

Ikonisk gjensyn
Vidar Daatland er redaktør for nettstaden serienytt.no, som oppdaterer lesarane sine om kva som er i vente på skjermen. «Marco Polo» er éi av sommarsatsingane han bokstaveleg talt ser fram til.

– Eg er veldig spent på den nye sesongen. Eg var ikkje selt på første runde, men trur den hevar seg eit hakk i år, seier Daatland – og noterer seg elles alt frå det svenske krimdramaet «Springflo» til det interplanetariske SCI-fi-eventyret «Killjoys».

Dei USA-baserte produksjonane dominerer feltet. I «Stranger Things» blir det eit gjensyn med eit realt generasjon X-ikon.

– Denne fungerer nærast som ei lita hylling til Stephen King og den klassiske grøssersjangeren, fortel Daatland.

– I hovudrolla finn vi Oscar-nominerte Winona Ryder, i eit potensielt stort comeback etter den solide prestasjonen hennar i «Show Me a Hero» frå i fjor.

William H. Macy og «Shameless» kjem også tilbake. Foto: VOX/Handout

Mykje New York
To andre mykje omtalte prosjekt går føre seg i New York Citys asfaltjungel. Først ut er miniserien «The Night Of», signert manushøvdingen Steven Zaillian.

– Dette er historia om ein ung pakistansk-amerikanar som får køyrt seg i det juridiske systemet, skulda for eit drap han ikkje hugsar å ha utført. Nesten like tett følgjer vi etterforskaren som er fast bestemt på at han gjorde det, og forsvarsadvokaten som vanlegvis spring etter mykje enklare straffesaker på politistasjonen.

Seinare er det duka for «The Get Down», der «Moulin Rouge!»-australiaren Baz Luhrmann trekkjer i trådane.

– Handlinga går føre seg i South Bronx på 70-talet. Gjennom auga til eit knippe musikalske ungdommar får vi oppleve korleis ein by på veg mot konkurs gav liv til hiphop, punk og disko, forklarar Daatland.

Infotainment
Meir eksotiske «Marco Polo» har norske krefter med på laget. Før dei gav seg i kast med «Pirates of the Caribbean», rakk Joachim Rønning og Espen Sandberg å regissere pilotepisoden.

– Kvar gong dei var stressa, eller noko var gale, gjekk dei over i norsk, slik at dei andre produsentane ikkje skjønte bæret, fortel Richelmy lattermildt.

– Det synest eg var heilt topp, for eg snakka knapt engelsk sjølv på det aktuelle tidspunkt.

– I det enorme serietilbodet, kvifor skal vi velje akkurat «Marco Polo»?

– For det første viser vi ei verda som knapt er vist før. Og vi er faktisk i den – vi tyr ikkje til blue- eller greenscreen. Vi ville plassere publikum der nede, seier Richelmy.

– Dessutan – det viktigaste er å underhalde, ja visst. Men vi har også ein misjon om å utdanne folk om noko som er ukjent for mange. Det er verdien av showet – det er lærerikt, både for sjåarane og oss sjølve.

Vil du ha meir å lesa medan vêret er berre middels? Me tilrår dette:

Likar du Elena Ferrante-bøkene? No kjem dei på TV

Slik er det eigentleg å vera med i «Jakten på kjærligheten»

Men kanskje du bør gå vekk frå TV-en – i alle fall om du er gut. Forskarar trur TV har gjort norske gutar dummare.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.10

Kommentarar

ANNONSE