Når sjekka du passet sist?

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert i Kvinnheringen.

Lensmann i Kvinnherad Jan L. Fosse seier at politiet skriv ut alt for mange naudpass om dagen, og at folk må vera klar over at ein må ha ein god grunn for å få skrive ut slike.

– Anbefalinga vår er at folk sjekkar passa til alle i familien før dei bestiller reise, viss ikkje kan dei få problem. Passprodusentane kan ikkje garantera at ein får det nye passet før etter 10 verkedagar pluss postgang, som kan bety at folk må venta 14 dagar frå dei møter hos oss på lensmannskontoret.

Visste du at det norske passet er det fjerde sterkaste i verda? Afghansk pass gjev minst reisefridom.

Fosse seier det også kan vera lurt å ha passet i orden sjølv om ein berre skal reisa innanfor Norden, fordi det mange stader er utvida grensekontroll innanfor Schengen-området.

Ein treng ikkje bestilla time på førehand for å få nytt pass, men ein må møta på lensmannskontoret i opningstida, og ha med seg det gamle passet sjølv om det er gått ut. Barn under 18 år som skal ha nytt pass må ha med minst éin forelder, og i tillegg samtykke og identifikasjon frå forelderen som eventuelt ikkje er med. Foreldre som skal ha pass til barn under tre år bør ha med passbilde av barnet som er teke hos fotograf, fordi passmaskinane hos politiet ikkje kan ta passbilde av så små barn.

– Er folk i tvil om kva dei må ha med er det berre til å ringa oss for å få detaljar, avsluttar lensmannen.

Å mista passet er ikkje spøk! Fillipinske Rhomeliza Montalba (25) mista folkehøgskuleturen til Afrika då passet forsvann i posten.