Betre i matte på eksamen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tiandeklassingane i år fekk ein snittkarakter på 3,3 på matteeksamen, opp 0,4 frå i fjor.

– Etter fleire år med svake og varierande mattekarakterar i grunnskulen har vi evaluert eksamensoppgåvene og gjort nokre endringar slik at elevane får vist kompetansen sin på ein betre måte, seier avdelingsdirektør Sissel Skillinghaug i Utdanningsdirektoratet.

– Dei viktigaste endringane har vore fleire oppgåver på lågt og middels nivå. I tillegg er arbeidsmengda mindre slik at elevane har betre tid til kvar oppgåve, fortset ho.

I fjor gjekk over 20 prosent av norske tiandeklassingar ut av ungdomsskulen med karakterane 1 eller 2 i matematikk. (©NPK)

LES OGSÅ: Seksar-Torstein sine beste eksamens-tips