ANSA åtvarar mot å ta medisinstudiet i Polen

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 28.09.2021 14:09

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Åtvarar mot Polen-studiar

– Me rår norske studentar frå å byrja på medisinstudiet på grunn av usikkerheit om kva som skjer etter 2019, og kor vidt ein kan rekna med å få autorisasjon som lege i Noreg, seier Jacob Aure, president i ANSA (Association of Norwegian Students Abroad), til Aftenposten.

I dag er det 1273 norske medisinstudentar i Polen, som er eitt av dei mest populære landa nordmenn reiser ut til for å ta den prestisjetunge utdanninga.

Men etter 2018 er det altså usikkert om utdanninga vil verta godkjent i Noreg.

Sidan 2012 har det vore eit krav om at ein må ha autorisasjon som lege for å få turnusplass i Noreg. For å få autorisasjonen må studentane eigentleg ha turnus i Polen, men dei siste åra har utanlandsstudentane fått lov å søkja turnusteneste utan autorisasjon, for så å verta autorisert etter turnustenesta.

Dette er ei overgangsordning som berre varar fram til 1. januar 2019.

Etter dette vert studentane nøydd å ta turnustenesta i utlandet før dei kan søkja om å verta autorisert i Noreg.

For å ha turnusteneste i Polen må ein beherska språket på eit svært høgt nivå, noko som kan by på problem for dei norske studentane.

Dei aller fleste norske medisinstudentane studerer medisin på ei av de 12 engelskspråklege utdanningane i Polen.

Les meir:

Er medisinstudiet for tøft? Lege vil ha mindfulness på timeplanen.

Kronefallet er kostbart for norske utanlandsstudentar. – Det er ein tøff situasjon, seier ANSA-leiaren.

Stadig fleire studentar reiser på utveksling. Jentene er mest reiselystne.