230.000 mjølkekyr her i landet har krav på frisk luft og mosjon i sommar. No skal Mattilsynet sjekke at dei får det.

NPK
NPK

Alle storfe har etter lova krav på minst åtte veker med frisk luft og mosjon. Kravet er ikkje like lett å oppfylle for alle bønder, men no skal det sjekkast, fortel NRK.

Denne sommaren skal Mattilsynet over heile landet ha særleg merksemda retta mot at kravet blir overhalde ved hjelp av dei lokale dyrevernsnemndene.

Heidi Wolff, seniorinspektør i Mattilsynet, seier det er svært vanskeleg å få dispensasjon frå kravet om at kyrne skal ha frisk luft.

– Kontrollørane har ei liste over alt storfehald i kommunane våre, og så køyrer dei veg for veg og kryssar av når dei ser dyr ute. Vi kan ikkje vite at alle dyr er ute, men ser vi at her er det mange ute, set vi kryss og køyrer vidare. Dei einaste bøndene dei oppsøkjer, er der dei ikkje finn dyr ute, seier ho til NRK.

Dei det gjeld, får pålegg om raskt å presentere ein plan for korleis dei skal sikre at dyra kjem ut i år, fortel Wolff. Og dispensasjon blir det ikkje lett å få.

– Nei, det heng høgt, seier Wolff. (©NPK)

Sugen på meir kunytt? Her kan du lesa om «fistelkyr» som lever med hol i magen, slik at ein forskar både kan sjå og kjenna på korleis kua fordøyar maten sin. 

Blosom frå USA fekk i fjor plass i Guinness rekordbok som verdas høgaste ku. Sjekk kor høg ho er! 

Forskarar har også undersøkt korleis mjølkekyr oppfører seg i grupper.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.10

Kommentarar

ANNONSE