Maral (18) kjempar for retten til å gå på skule

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Maral (18) mista skuleplassen

Saka var først publisert på Vikebladet Vestposten.

Denne månaden publiserte Aftenposten sin Si ;D-redaksjon eit sterkt innlegg skrive av den 18 år gamle asylsøkjaren Maral Pour Khodabakhsh, som bur i Ulsteinvik. Eit innlegg der ho fortalde litt om livet sitt, som er sett på vent, fordi ho har blitt myndig.

– Alt eg gjer er å sitje heime, skriv ho i innlegget, som du kan lesa her.

Vikebladet Vestposten møtte Maral til ein prat kring innlegget. Hennar sterke tekst blei mykje delt i sosiale media då den kom ut.

– Eg hadde det tungt i hjartet mitt då eg skreiv dette. Eg veit at det ikkje berre er eg som har dette problemet, eg veit det er mange andre som har det slik. Men eg følte for å skrive det for både mi eiga og for deira skuld, seier Maral til Vikebladet Vestposten.

Maral fylte 18 år i fjor, og ifølgje lovverket har ho difor ikkje lenger rett til skulegang i den norske skulen. Ho rakk berre å fullføre VG1.

– Eg skreiv dette innlegget fordi eg er veldig oppteken av barn sine rettar, og menneskerettar generelt. I Norge har ein rett til å stå for det ein meiner og kjempe for det ein vil, og difor vil eg ikkje berre bli sitjande og ikkje prøve å gjere noko med dette, seier Maral.

– Så skal det også seiast at mange asylsøkjarbarn som er under 18 år, og som har fått endeleg avslag, heller ikkje har rett til å gå på skule. Dette er også feil, meiner eg. Når ein først har fått lov å byrje på eit skuleløp, så burde ein få lov til å fullføre det også, så langt det går.

LES OGSÅ: Folkehøgskulane tek inn 280 mindreårige asylsøkjarar

Farleg for konvertittar
Ho bur i Ulsteinvik saman med familien sin, som kom som flyktningar til Norge frå Iran for 4,5 år sidan.

– Foreldra mine konverterte til kristendommen. I Iran er ikkje konvertittar trygge.

På desse 4,5 åra har familien venta på svar om opphald i Norge, og for ikkje så lenge sidan fekk dei beskjed om at dei hadde fått endeleg avslag.

– Vi kjem derimot til å søkje igjen i august, då grunna at søstera mi har vore her like lenge som oss andre, og ho er ikkje 18 år enno. Vi ser då om vi kan få opphald grunna lengeverande barn.

– Familien min har alltid likt den vestlege kulturen godt, og vi var aldri ein typisk muslimsk familie. Difor var det veldig lett for oss å tilpasse oss den norske kulturen og det norske samfunnet. Vi er sosiale folk, og blei raskt kjende med andre då vi kom til Ulsteinvik. Vi føler oss integrerte i miljøet her, og at vi blir aksepterte, seier Maral.

Diverre for Maral har ho mista kontakten med fleire av venane sine.

– Eg får jo ikkje gå skule lenger, og i tilknyting til den hadde eg god kontakt med venane mine. No som eg ikkje går skule blir det svært sjeldan eg får møte dei. Eg blir mykje åleine, og blir meir eller mindre sitjande å stire ut i lufta. Det er vondt, seier Maral og legg til:

– Det å bli sitjande og vente er vanskeleg for meg.

LES OGSÅ: – Eg gjorde eigentleg ingenting det halvåret då eg droppa ut av vidaregåande. Det er veldig kjipt, seier Samira Christina Denz (20), tidlegare elev ved Gateakademiet

Mykje heime
Maral er fødd med ryggmergsbrokk, og har difor utfordringar i forhold til mobilitet. Men, ho let heller ikkje det stoppe ho, og prøvar så godt ho kan å aktivisere seg og komme seg ut. Difor har ho mellom anna vore frivillig som tolk på asylmottaket.

Maral snakkar bort i mot flytande norsk. Imponerande etter berre litt over fire år i landet.

– Eg har gode språkevner, og gjer meg godt forstått. Difor passar tolking meg ganske greitt slik det er no, seier ho.

21. juni blir Maral 19 år gammal. Om Maral får bli i Norge ønskjer ho anten å bli barnevernspedagog eller psykolog.

– Eg er veldig glad i å snakke med folk, og å hjelpe folk. Eg har opplevd mykje vanskeleg i livet mitt, og veit difor at eg kunne gitt andre gode råd om korleis dei skal takle tøffe ting i liva sine, seier Maral.

Les yrkesintervju med ein tolk!

Både positivt og negativt
Innlegget til Maral har blitt delt mykje i sosiale media, og har også ført til debatt. Ho har fått kommentarar og tilbakemeldingar av både det positive og mindre positive slaget, men med ei overvekt av støttande tilbakemeldingar.

– Dei som ikkje var einige med meg argumenterte med at eg trass alt har kome hit til landet, og har det bra sett i lys av forholda her kontra Iran. At eg berre må sitje å vente, at ikkje skal klage, og liknande. Men det eg vil folk skal skjønne er at eg ikkje ønskjer å klage over noko. Eg vil berre at folk skal få vite at ungdom blir sitjande heime, tiltakslause, grunna lover og reglar som seier at ein ikkje verken får gå skule eller jobbe når ein har fylt 18 år, seier Maral og legg til:

– Eg ønskjer ikkje at det skal sitje fleire hundre ungdommar kring om i Norge som ikkje gjer noko, men som heller kunne bidrege til fellesskapet i form av det å ta utdanning eller jobbe. 

Utdanningsdirektoratet har så langt ikkje vore tilgjengelege for kommentar.