Målet er å visa breidda i nynorske barnebøker.

Janne-Marit Myklebust, Møre-Nytt
Janne-Marit Myklebust, Møre-Nytt

– Vi ønskjer at Dei nynorske festspela skal bety noko også for dei yngste, i større grad enn dei har gjort til no. Difor har vi i år ei ekstra satsing på denne målgruppa, fortel programansvarleg Åshild Widerøe.

Det startar med latter i uteamfiet i Aasen-tunet fredag neste veke. Då vil skodespelarane Ingeborg Stige og Frøydis Flotve vise framsyninga Eg ler meg i hel, basert på faktaboka «He he» av Erna Osland, ei bok om den livsviktige latteren. Etter framsyninga vert ungane invitert med på ei latterløype på tunet. Målgruppa er alderen 3–6 år.

På Volda folkebibliotek, også fredag, vert det lesestund med lettlesne bøker i serien Leseland. Hit kjem Anna Folkestad og Vegard Markhus. Det vert også seminar for dei vaksne om lettlestbøker. Til Volda stadion kjem Atle Berge for å lese frå bøkene om Barcelona-gjengen. Fokuset her er på fotball, og ungane får prøve seg som målscorarar, med mellom andre forlagsredaktør i Samlaget, Ragnfrid Trohaug som målkvinne. Dette er for aldersgruppa 8–12 år.

Fargerikt
Laurdag vert det fargerike arrangement i Volda bygdetun. Cecilie Rørstad i bygdetunet vil demonstrere farging av garn på «gamlemåten», og det vert også andre måleaktivitetar.

– Vi håper ungane vil stille i fargerike kle, og så må dei også rekne med å verte enno meir fargerike før ettermiddagen er omme, seier Widerøe. Festspeldiktar Ruth Lillegraven kjem også for å lese frå boka «Mari og Magnus hos bestemor», og Anna Folkestad kjem for å lese frå boka «Unni og Gunni malar».

– Vi har stort fokus på bøker, og ønskjer å vise fram breidda av nynorske barnebøker, seier kommunikasjonsrådgjevar i Aasen-tunet, Laila Walseth Lid. Laurdag føremiddag kjem også forfattar Christian Wiik Gjerde til Ørsta folkebibliotek for å lese frå boka Jakta på firkløveren. Her vert det også ulike aktivitetar etter lesestunda.

– Vi gler oss veldig til å ha eit slikt breitt tilbod til borna. Og for dei som er litt eldre, har vi også eit tilbod om å gå kalligrafikurs med kunstnaren Ole Lislerud på Ørsta kunsthus i samarbeid med kunstlaget. Med dette håper vi å engasjere fleire av dei unge i Ørsta og Volda i festspela!

Meir om Dei nynorsk festspela:

I år tek festspela føre seg eit aktuelt tema: Morsmålet

Her er årets festspeldiktar: Ruth Lillegraven

Og ein annan ting: Veit du at ordboka kanskje er i strid med likestillingslova?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.10

Kommentarar

ANNONSE