Ei gruppe stortingsrepresentantar frå Vestlandet vil gjera det lettare å halda på nynorsken.

(NPK):
(NPK):

Fredag 17. juni fremja Kjersti Toppe (Sp) på vegner av seg sjølv og stortingsrepresentantane Magne Rommetveit (Ap), Terje Breivik (V), Geir Toskedal (KrF), Audun Lysbakken (SV) og Liv Signe Navarsete (Sp) eit forslag om å sikre alle elevar i grunnskulen rett til opplæring på hovudmålet sitt.

Forslaget skal behandlast i Stortinget til hausten. Målet er å sikre at nynorskelevar får opplæring på si eiga målform i heile grunnskulen.

– Manglande rett gir språkskifte
I Opplæringslova heiter det i dag at når minst ti elevar på eitt av årstrinna 1– 7 i ein kommune ønskjer skriftleg opplæring på eit anna hovudmål enn det kommunen har vedteke, har dei rett til å høyre til ei eiga elevgruppe. Men denne retten gjeld ikkje for elevar på 8– 10 årstrinn, og det er det forslagsstillarane no ønskjer å endre.

– At elevar i ungdomsskulen ikkje får opplæring på si målform, kan bidra til at fleire elevar skiftar til den mest nytta språkforma. Det er kjent at overgangen frå barneskule til ungdomsskule er då det ofte skjer eit språkskifte, frå nynorsk til bokmål. Derfor trengst det nye tiltak for å hindre språkskifte i skulen, heiter det i ei pressemelding frå forslagsstillarane.

I representantforslaget viser politikarane til at Noregs Mållag har rekna ut at det i dag er om lag 46 kommunar i Norge med ungdomsskular der talet på nynorskelevar er så stort at dei etter lova ville ha rett til å gå i eiga elevgruppe om dei gjekk på barneskulen.

Endre opplæringslova
Mange lærarar på språkdelte ungdomsskular brukar i dag berre bokmål som undervisningsspråk. Forslagsstillarane meiner at ein no må greie ut om det trengst ei endring i opplæringslova og andre tiltak som kan sikre elevar i heile grunnskulen rett på opplæring på hovudmålet sitt. Dei viser mellom anna til Odda-modellen, der Odda kommune har eigne bokmåls- og nynorskklassar ikkje berre på barneskulen, men også på ungdomsskulen.

– Vi har god tru på at dette forslaget vil verte godt teke imot i Stortinget. Stortinget har også tidlegare vore oppteke av å sidestille ungdomsskulen med barneskulen når det gjeld retten til opplæring på eige språk, seier forslagsstillarane. (©NPK)

Les også:

Bergen har ambisjonar om å styrka nynorsken: Her er tre grunnar til at dei kan bli ein dårleg nynorskhovudstad

Bakgrunn for den saka:Fleirtal for meir nynorsk i Bergen

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.10
ANNONSE