Berre 8 norske blant dei 50 mest inspirerande kvinnene i Norden
Organisasjonen Inspiring Fifty har laga ei liste over dei mest inspirerande kvinnene i den nordiske teknologibransjen. Nesten halvparten kjem frå Sverige.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
8 norske blant dei 50 mest inspirerande
23 svenskar, 13 danskar, 6 finnar og 8 norske kvinner er på lista over dei femti mest inspirerande kvinnene i den nordiske teknologibransjen. Lista er laga av profilerte kvinner og menn i bransjen, journalistar og andre med påverknadskraft.
Svenskane dominerer lista fullstendig, med 23 av 50 representantar. Blant dei finn du også Robyn, som nok er meir kjend for musikken. Ho hamnar på lista for å ha grunnlagt Tekla Tech Festival, ein tech-festival for jenter i alderen 11-18 år. I år vart festivalen arrangert for andre gong.
Av dei 50 på lista kom også fire på lista over dei 50 mest inspirerande kvinnene i teknologibransjen i Europa. Blant dei fire var to norske: Anita Krohn-Traaseth, direktør i Innovasjon Norge, og Berit Svendsen, direktør i Telenor.
Desse norske kvinnene hamna på lista:
Anita Krohn-Traaseth, direktør i Innovasjon Norge
Berit Svendsen, direktør i Telenor
Kristin Skogen Lund, direktør i NHO
Hanna Aase, grunnleggar og direktør i Wonderloop
Jeanette Dyhre Kvisvik, grunnleggar og direktør i Villoid
Isabelle Ringnes, grunnleggar av TENK Norway
Anne-Sofie Risåsen, direktør i Capgemini Norway
Anita Schjøll Brede, med-grunnleggar og direktør i IRIS AL
Meir om teknologi:
Ein liten robot kan hjelpa langtidssjuke barn ut av isolasjonen
Langt inne i Sognefjorden er ein eigen versjon av Silicon Valley
Denne 20-åringen har ein ganske genial idé, som kan rydda verdshava