Tidlegare HiOA-prorektor: – Slik slepp du å bruke tid på nynorsk

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Slik slepp du å bruke tid på nynorsk

I kommentarfeltet under saka «Tips til dei som slit med nynorsk» på Khrono, skriv professor og tidlegare prorektor ved Høgskolen i Oslo og Akershus Frode Eika Sandnes dette:

LES OGSÅ: Ser ingen resultat frå nynorskplanar ved NTNU

Reagerer
Karl Peder Mork, leiar i Studentmållaget i Oslo, reagerer på kommentaren frå HiOA-professoren:

– At han meiner vi skal gå vekk frå nynorsken er respektlaust ovanfor dei tilsette og studentane som bruker nynorsk. Kvifor skal vi ikkje gå vekk frå bokmål i same slengen? Dette minner om dei same haldningane ein hadde mot samisk for ikkje veldig mange tiår sidan, og som vi vel alle er samde om at ikkje har gitt noko positivt resultat.

– Viss ein skal bli god i eit fag, må ein ha mengdetrening i det faget. Det betyr at ein må ha mest mogleg nynorskundervisning viss ein skal bli god i nynorsk. Og alle skal lære å skrive nynorsk, understrekar Mork og legg til:

– Viss ein berre skal ha undervisning på engelsk blir ein nok flink i engelsk etter kvart, men det løyser ikkje noko problem kva gjeld dårleg nynorsk- eller bokmålskompetanse.

LES OGSÅ: Mållaget ber ministeren ta grep

– Overreagerer
Frode Eika Sandnes skriv i ein e-post til Framtida.no at Mork overreagerer og les meir i kommentaren enn det som står der.

Kommentaren var meint som ei godt råd for den vesle gruppa som genuint slit med nynorsk. Då tenker eg spesielt på dei lærarane som er rekruttert frå utlandet og som nyleg og i vaksen alder har lært seg norsk.

Eika Sandnes understrekar at han på ingen måte er ein «anti-nynorsk-forkjempar».

Men, i fleirkulturelle Oslo synest eg likevel det er mykje viktigare å jobbe med å sikre at mangfaldet av studentar frå ulike kulturar får tilgjenge til god utdanning.

– Vi skal ikkje slutte med nynorsk. På høgskulen i Oslo har eg mange kollegaer som bruker nynorsk på arbeidsplassen. Det er flott. Studentane vil difor møte nynorsk i mange samanhengar. Difor treng ikkje ALLE dei tilsette bruke nynorsk, så lenge mange nok gjer det.

LES OGSÅ: Liksom-nynorsk og språklege rettar

– Institusjonane har ansvaret
På kort tid har det vore fleire saker der høgskular og universitet får kritikk for manglande oppfølging av språklege forpliktingar. Mest omtale har saka om eksamen på tulle-nynorsk ved NTNU fått.

Språkmeldinga «Mål og meining» slo fast at universitet og høgskular har ansvar for vedlikehald og vidare utvikling av norsk fagspråk.

Frode Eika Sandnes synest det er rett at UH-sektoren er pålagd å ta vare på norsk fagspråk. Men han legg vekt på at dette er eit institusjonelt ansvar.

– Fokuset i debatten om den dårlege nynorskeksamenen på NTNU har dessverre vore på læraren. I hovudet mitt er det uprofesjonelt å la ein person gjere ein jobb vedkomande ikkje er kompetent til. Det er eit leiaransvar å sikre nynorske eksamensoppgåver, eller bokmål for den saks skuld, ved å trekke inn riktig kompetanse, skriv Frode Eika Sandnes til Framtida.no.

LES OGSÅ: Kanskje vi skulle hatt sanksjonar for brot på språklege rettar?