Stan (25) levde utan hjarte i over eit år

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Stan levde utan hjarte i over eit år

Science Alert er ei av fleire nettaviser som omtalar den litt spesielle medisinske revolusjonen: Stan Larkin (25) har venta i over eit år på ein hjartetransplantasjon, utan å ha eit hjarte i kroppen. I staden har han gått rundt med ein ryggsekk heile tida, med ei maskin som gjer jobben hjartet eigentleg ville gjort.

Faktisk gjekk han så lenge som 555 dagar med sekken på ryggen.

Maskina blir kalla Syncardia, og mykje tyder på at denne suksessen kan overførast til andre pasientar. Både Stan og vetlebroren har same sjukdom, ein genetisk hjartesjukdom som utvidar hjartekammer, så dei ikkje kan pumpa blod like godt. Broren Dominique har også gått med ryggsekken, men han trengde berre å bruka den i nokre få veker.

Sjokkerte med basketball
Syncardia veg omtrent seks kilo, og set grenser for kva dei som brukar den kan gjera. Likevel overraska Stan Larkin dei fleste, då 25-åringen heldt fram med å spela basketball.

Fleire liknande saker?

ME-sjuke Eirik Aksnes får behandling med ein eksperimentell, ny medisin. Det skapar skepsis.

På Ås lever fleire kyr med eit hol i magen. For forskinga.