Føreslår folkehøgskule i nedlagd gruveby

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Svalbard kan få folkehøgskule

– Den eine staden er ein litt sprø, men samtidig veldig spennande tanke; å bygge folkehøgskulen i gruvene i Svea ettersom drifta her no blir sett på vent. Det hadde vore enormt spektakulært, seier Espen Klungseth Rotevatn til NRK.

Rotevatn er leiar i styret og jobbar som musikklærar i kulturskulen og grunnskulen i Longyearbyen.

Ein musikkpedagog, ein ergoterapeut, ein lærar, ein tidlegare skiskyttar og ein siviløkonom står bak folkehøgskule-initiativet, og måndag blei det stifta eit interimsstyre. Akkurat kvar skulen, som skal ha vekt på miljø, naturforvaltning og friluftsliv, skal ligge, er framleis uklart.

LES OGSÅ: Rekordmange vil på folkehøgskule

Hybelby
Ifølgje Rotevatn har gruvebyen ein infrastruktur som liknar mistenkeleg på ein folkehøgskule, blant anna med mange små hyblar og storkjøken.

Dersom skulen ikkje blir etablert i gruvebyen, kan det vere aktuelt i Nybyen i Longyearbyen eller å bygge noko nytt i Svea.

Interimsstyret meiner ein folkehøgskule er eit bra initiativ med tanke på svalbardmeldinga regjeringa kom med i mai. Her kom det fram at Svalbard-samfunnet må finne nye bein å stå på i framtida. (©NPK)