Fekk ikkje nynorskopplæring for vidarekomne – laga det sjølv.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Innvandrarar laga eiga nynorskopplæring

(NPK): Norskopplæringa for innvandrarar i Sogndal sakna eit godt nettbasert læreverk på nynorsk på vidarekommande nivå. No har elevar og lærarar saman laga læreverket «NorskPluss B2» i samarbeid med Kunnskap.no.

Mellomnivået B2 er for innvandrarar som skal studere på universitet eller høgskule, eller som treng dokumentasjon på at dei har høg språkkompetanse.

– Endeleg har vi fått eit komplett læreverk på nynorsk, og faktisk er nynorskversjonen større enn bokmål, takka vere at elevane våre har levert stoff til forfattaren, Marie Aalen, seier prosjektleiar Eli Tjørhom til Sogn Avis.

Den interkommunale norskopplæringa i Sogndal tel rundt 300 elevar og byrja å undervise på nynorsk først i 2014 etter krav frå lokalpolitisk hald. (©NPK)

Denne saka vekte oppsikt! Fekk eksamen på tulle-nynorsk, og tok opp kampen.

Det er særleg utfordrande å vere nynorskbrukar som student i høgare utdanning, kanskje spesielt innanfor teknologiske emne som informatikk og ingeniørfag, skriv Randi Solheim og Øystein A. Vangsnes.