Vi kan ikkje unngå at breane smeltar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Denne veka presenterte klimaprofessor Sebastian Mernild resultatet av 10 års forsking på issmelting i Arktis. Funna teiknar eit skremmande bilete.

– Dei 200.000 mindre breane i verda når snart eit punkt der dei aldri kan bli som før, seier Mernild.

Sebastian Mernild er sentral i det nye masterstudiet i Climate Change Management ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Mernild har kompetanse både innan klimamodellering og hydrologi, to av studieemna i masteren. Denne kombinasjonen har han brukt til å bygge kunnskap om korleis brear over heile den nordlege halvkula kjem til å utvikle seg i åra framover.

LES OGSÅ: Verdshava stig fortare enn venta

Laboratoriet på Grønland
Mernild har bak seg fleire år med forskingsopphald i Chile, Alaska og New Mexico, i tillegg til mange reiser til Japan og Colorado. Kjernen i forskinga hans er likevel ein liten bre sørvest på Grønland. Mittivakkat-breen er blitt følgt nøye av forskarar dei siste 20 åra, og utgjer eit viktig laboratorium for utviklinga i området, forklarer Mernild.

– Samanhengande målingar over ein så lang periode har stor verdi, sidan dei kan brukast til å anslå korleis det vil gå med dei 200.000 andre breane i verda i tiåra framover.

I nordområda er oppvarminga kraftigare enn elles på kloden. Svalbard har nyleg sett ein sørgjeleg rekord: Øygruppa har hatt temperaturar over normalen i 66 månader på rad.

For breane er resultatet smelting, og dei siste 20 åra har Mittivakkat-breen mista ein femdel av ismassen sin. Mernild og kollegaene hans har undersøkt korleis 318 brear elles i verda har utvikla seg.

«Smeltinga vil halde fram»

– Vi veit nok til å slå fast at smeltinga er ein generell tendens, og at ho skyt fart, seier Mernild.

Han forklarar at brear reagerer treigt på klimatiske endringar. Difor er breane vi har i dag, eigentleg «for store» for klimaet vi har no.

– Med andre ord vil dei halde fram med å smelte, uansett kva vi føretek oss no. Sjølv om vi skulle greie å kutte alle utslepp av klimagassar i dag, ville breane halde fram med å smelte i minst 50 år til, seier Mernild.

LES OGSÅ: Krympande brear kan krympa turismen til Noreg

Prestisjefylt grad
31.mai tok Mernild nok eit steg opp på den akademiske stigen gjennom ei ordning som ikkje finst ved norske universitet – såkalla «habilitasjon». Ved å presentere 10-15 års sjølvstendig forsking for ein kommisjon, kan etablerte forskarar oppnå det danskane kallar doktorgraden (doctor scientiarum eller dr.scient.) – som ligg eitt trinn over PhD-en.

– Habilitasjon er ikkje eit krav for å bli professor, men det gir ein del prestisje, forklarer Mernild. Kvardagsleg er det heller ikkje: Han var den første på 10 år som gjorde dette innan geovitskapane.

Sidan tematikken er høgaktuell, har Mernild fått mykje merksemd i dansk riksmedia. 1. juni vart han intervjua av hovudstadsavisa Information. Han var også gjest i Danmarks Radios TV-nyheiter. Høyr innslaget (20 minutt ut i sendinga)

– Det er strålande for høgskulen og for studentane som skal ta den nye masteren at vi har fått ein så høgt kvalifisert kollega, seier instituttleiar på Institutt for naturfag, Tarald Seldal.

LES OGSÅ: Dramatisk krymping av breane

Ei uviss framtid
Mernild var medforfattar på kapittelet om havnivåstiging i den femte hovudrapporten frå FNs klimapanel. Tapet av dei mindre breane vil gi eit merkbart utslag på havnivået.

«Vi har aldri sett så store klimaendringar skje så raskt i mennesket si historie»

– Nedsmelting av dei 200 000 mindre breane i verda vil bidra til at hava stig med mellom 16 og 20 centimeter dei neste tiåra, seier Mernild. Til avisa Information 1. juni sette han ord på uroa kunnskapen vekkjer i han sjølv.

– Når ein som forskar ser kor mykje temperaturen har stige dei siste 10-20 åra, blir ein jo bekymra. Vi er ute i ukjent terreng. Vi har aldri sett så store klimaendringar skje så raskt i mennesket si historie.

Saka vart først publisert på Hisf.no.