Startar klesfabrikk i Kina

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det skal ikkje vere alternative klede, men ein alternativ måte å produsere klede på. Det som eigentleg burde vore standarden, seier Sigmund Hegstad.

28-åringen held i desse dagar på å starta opp klesmerket Fair & Square. Dei vil sikra etisk berekraftig produksjon og gode arbeidsvilkår for arbeidarane gjennom å ha kontroll på heile kjeda – frå fabrikk til butikk.

Framtida.no møter Hegstad på den siste dagen av kronerullingskampanjen. På ein månad har dei fått inn over 400.000 frå folk som vil førehandsbestilla klede.

DEBATT: Det er ditt val – billeg eller etisk?

Undercover-arbeid
Med seg på laget har han grafisk designar Håvard Langmoen og kinesiske Wu Zhifang.

Dei siste åtte månadane har Fang jobba på ein vanleg tekstilfabrikk i Kina for å få erfaring med korleis driva fabrikk, læra å sy i produksjon, få kontaktar og kjenne problema på kroppen.

– Han har verkeleg levd fabrikkarbeidssituasjonen, det er ikkje berre inn tre veker for å skriva ein rapport.

I fjor kom Framtiden i våre hender med rapporten «Dårlig råd med nål og tråd», som viser kor mykje ein tekstilarbeidar får av til dømes ris, kjøt eller lauk for ei timeløn.

I Kina, som er på veg oppover når det kjem til løn og arbeidsvilkår, må ein arbeidar jobbe i tre timar for å få råd til ein helsesjekk.

Men sjølv om Kina har reglar som regulerer minsteløn og overtid, svara fleire fabrikkarbeidarar at dei jobba mellom 205 og 275 timar i månaden.

Leveløn på 37,5 timar
Ifølgje den internasjonale kampanjen Clean Clothes Campaign kan ein tekstilfabrikkarbeidar jobba opptil 96 timar i veka. Det er langt over det dobbelte av ei norsk arbeidsveke.

Fair & Square vil sikra arbeidarane sine leveløn, ei arbeidsveke på 37,5 timar og ein trygg arbeidsplass.

– Det handlar jo om pengar. Dei som har makta ynskjer å tena så mykje som mogleg sjølv. Ein har ein business-modell som gjer at ein ikkje eig fabrikkane sjølv, ein bestiller det inn frå eksterne aktørar, forklarar Sigmund, som reagerer på ansvarsfråskrivinga til dei store kleskjedene.

Utviklingsland står ifølgje Framtiden i våre hender for kring 96 prosent av foredlinga av bomull. Kina har lenge vore den store produsenten av billige klede, men på grunn av stor vekst i bransjen har meir og meir av produksjonen gått til lågkostland som Bangladesh, Indonesia og Kambodsja – der Aftenposten-suksessen Sweatshop er spelt inn.

LES OGSÅ: Sweatshop-Frida:– Me er rike fordi dei er fattige

Kinesiske Wu Zhifang har etter endt bachelorgrad jobba åtte månader på ein klesfabrikk, for å gjere research til oppstarten. Foto: Privat

Draumen om Kina
Sigmund har hatt stor interesse for Kina så lenge han kan hugse og lærte seg kinesisk allereie som 13-åring. I Danmark gjekk han på kinesiskkurs og gjennom læraren sin vart han kjent med Hunan-provinsen, som han besøkte.

­– Eg har tenkt ei stund på at eg har hatt lyst til å gjera noko større, som kan skapa ganske stor endring. Eg har visst i tre-fire år at eg ville starta fabrikk. Sidan eg kjenner mange som jobbar på fabrikk, følte eg i fjor at no byrja det å haste.

Sigmund starta å laga ein detaljert tidsplan for når han skulle starta å reklamere i sosiale medium, når symaskinane skal starta og når nettbutikken skal opna.

I juli reiser Sigmund ned for to månadar for å bli med Fang å handla inn tekstiler, maskiner og installere utstyret i lokalet dei skal leige.

Planen er å starte opp produksjon med tre arbeidarar i august, og forhåpentleg utvide etterkvart.

Målet er å få ein kolleksjon inn i butikkar, og aller helst starta ein eigen butikk sentralt i Oslo.

Pengane som kjem inn vil gå til å utvide bedrifta og forhåpentlegvis innan fem år få kontroll på heile produksjonen, slik at ein kan garantera at òg tekstilane er produsert på ein berekraftig måte.

LES OGSÅ: Slik vart Brita ein snill forbrukar

Provinsfabrikk
Den nye fabrikken skal startast opp i byen Feng Huang, der mange må reisa ut som migrantarbeidarar for å jobba. Fleirparten av klesfabrikkane ligg langs kysten og Fang kjem sjølv frå ein familie med mange migrantarbeidarar.  

– Mange Fang snakkar med i Kina seier at dette er heilt urealistisk, ikkje noko overtid, betre betalt enn det dei får på fabrikkane. Det verkar jo veldig urealistisk.

Sigmund på si side meiner dei store kleskjedene gjer det unødvendig komplisert, når dei bortforklarar arbeidsvilkåra på fabrikkane.

 Han tykkjer det har vore overraskande lett å jobba med å starta fabrikk i Kina og fortel om velvillige myndigheiter.

– Det er ingen som er imot betre løn og betre arbeidsvilkår, så vårt møte med kinesiske myndigheiter har berre vore positivt. Det me går inn i er noko eg trur dei fleste er einige om at er riktig retning, kanskje unnateke dei store selskapa som vil tene masse pengar.

Aktivisten
Sigmund ser for seg at den største utfordringa vert riktig marknadsføring og å produsera klede, som folk faktisk vil kjøpa.

– Eitt problem ein kan sjå for seg er at dei folka som er veldig oppteken av dette, er dei same folka som ikkje kjøper nye klede. Om ein skal basere salet på aktivisten, så kjem det ikkje til å gå så veldig bra. Me må nå den marknaden av folk som handlar nesten uansett, og appellera til dei.

Gründeren ser at det kjem fleire etiske alternativ på marknaden, men meiner at mange av desse ser ut som eitt alternativ til andre klede.

Han trur at tid og informasjon, gjerne kan vere eit hinder for at forbrukarane leitar seg fram til dei alternativa som finst.

– Det er mogleg å finne ting som er betre enn dagens standard. Det finst jo mange sertifiserte klede, men det følast som om det blir eit alternativ. Det følast som om det er vanskeleg å finne og ein har eit inntrykk av at dei kleda ser alternative ut, seier Hegstad, som ynskjer å gjera etiske klede lettare tilgjengeleg for forbrukaren.