Einige om fråværsgrense likevel

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Etter lang tids debatt om fråværsgrense i vidaregåande skule, der kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen ynskte ti prosent, er det no fleirtal på Stortinget for nye fråværsreglar.

– Det blir ei nasjonal fråværsgrense. Det er fleirtal på Stortinget for det. Ein ynskjer ei nasjonal fråværsgrense som blir leia av følgjeforsking og blir evaluert nøye etter tre år, seier skulepolitisk talsmann for Høgre, Kent Gudmundsen til NTB.

LES OGSÅ:Vann historisk siger mot fråværsreglar

No ser det ut for at Høgre, Framstegspartiet, Arbeidarpartiet og Senterpartiet er med på ei fråværsgrense, men ikkje på ti prosent som regjeringa først føreslo.

Men fleirtalet i utdanningskomiteen held fast på at det nye regelverket må ha mykje større rom for skjønn, ta omsyn til elevar som slit, ha eit breitt spekter av tiltak mot fråvær og løysa utfordringane med byråkrati og dokumentasjon som blant anna KS og elevane har reagert på, skriv Trond Giske (Ap) på facebookveggen sin.

DEBATT: Fråværsgrensa blir ein motivasjon

Utdanningsforbundet er nøgde med semja:

– Det er godt at Stortinget evna å lytta til Utdanningsforbundet i ei sak som er svært viktig for mange elevar, og at vi etter tre år får ein grundig evaluering av korleis denne fråværsgrensa vil fungera, seier Steffen Handal, leiar i Utdanningsforbundet i ei pressemelding.

LES OGSÅ: Ønskjer bøter mot fråvær

Faktaboks

• Frå hausten ville Kunnskapsdepartementet innføra ei ny, nasjonal fråværsgrense på 10 prosent, med unntak for dokumentert gyldig fråvær.
• Gyldig fråvær skulle vera helse- og velferdsgrunnar, arbeid som tillitsvalt, politisk arbeid, hjelpearbeid, lovpålagt oppmøte og representasjon i arrangement på nasjonalt og internasjonalt nivå.
• Avtale om sjølvstendig studiearbeid og skuleadministrativt arbeid ville heller ikkje bli rekna som fråvær.