– Noreg har nesten ikkje grøn vekst

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Torsdag arrangerte NHO-forbunda Abelia og Norsk Industri og Handelshøyskolen BI ein konferanse om smart, grøn vekst.

– Regjeringa snakkar om grøn vekst, grøne jobbar og omstilling, men gjer ikkje det som skal til. Ein kan seie kva som helst og kalle det grøn vekst. Det kallar eg vås, seier førstelektor Per Espen Stoknes ved Handelshøyskolen BI til NTB.

Han har sett nærare på tal for grøn vekst frå Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling (OECD), og konklusjonen er nedslåande.

– Noreg heng igjen i ein «brun» vekstmodell frå 1900-talet i ei verd der nabolanda våre legg om. Det er særleg to sektorar som gjer at Noreg ligg etter, nemleg offshore og transport, forklarar Stoknes.

Det går knapt ein dag utan at regjeringa snakkar om omstilling eller grønt skifte. Berre i vår har regjeringa stått i spissen for to grøne omstillingskonferansar.

5 prosent årleg
Forskarane definerer grøn vekst som auka verdiskapning med mindre samla miljøbelasting.

For å bryte ut av trenden med gammaldags og brun vekst må verdiskapinga aukast vesentleg raskare enn forbruksveksten og CO2-utsleppa – færre ressursar må brukast for å skape større verdiar.

Stoknes er klar på kva som blir kravd for å kunne nå målet om ei halvering av globale utslepp innan 2050, når utgangspunktet er ein gjennomsnittleg økonomisk vekst på 2– 3 prosent årleg.

– For både å kunne vekse og bli grøne må derfor alle land og verksemder i snitt forbetre forholdet mellom verdiskaping og utslepp med meir enn 5 prosent per år fram til 2050, skriv han i ein kronikk i Dagens Næringsliv onsdag.

Dette vil sørgje for meir velferd samtidig som utsleppa går ned med minst 2 prosent kvart år.

Les artikkelserien vår om det grøne skiftet!

Dårlegast i Norden
Men SSB-tall viste nyleg at dei norske klimautsleppa auka i fjor. Noreg blir då også grundig slått av våre nordiske naboland i konkurransen om kven som har den grønaste veksten.

– Det forbausa meg at det var så tydeleg, seier Stoknes.

Sidan 2001 blir Noreg ikkje berre slått av våre nordiske naboar, men ligg også klart under snittet for OECD-landa.

Stoknes har fleire konkrete forslag til kva norske styresmakter bør gjere for å snu biletet. Han nemner grønare krav til offentlege innkjøp på fleire hundre milliardar kroner årleg, å vri investeringar frå fossil til fornybar energi og grøne stimuleringspakker til næringslivet, inkludert omsorg- og servicesektoren.

– Godt rusta
Noreg er godt posisjonert for å bli ein vinnar i den grøne omstillinga, men har hittil ikkje klart å utnytte potensialet, meiner Abelia-leiar Håkon Haugli (bildet). Abelia er NHOs foreining for kunnskaps- og teknologibedrifter.

Haugli peiker på at Noreg har stor tilgang på råvarer, ikkje berre olje og gass, men også skog, fisk og havressursar. Noreg har dessutan ei høgt utdanna befolkning.

– Men det krev noko av både næringslivet og styresmaktene for å ta den omdreiinga og for å nå dei måla vi faktisk har sett, seier han til NTB.

Haugli viser både til FNs berekraftsmål og klimaavtalen frå Paris.

– Men berekraft og butikk ikkje er motsetningar, tvert imot, understrekar han. 

Mangelen på grøn vekst trur han kjem av ein kombinasjon av mangel på politisk vilje og at Noreg har levd svært godt av ein gedigen olje- og gassektor. (©NPK)