Kostar 80.000 kroner per meter.

NPK
NPK

Investeringar på 80 millionar kroner per kilometer kan korte ned reisetida på Dovrebanen til fem timar, viser ein ny studie.

Prisen er berre ein brøkdel av det ein høgfartsbane mellom Oslo og Trondheim ville ha kosta. Løysinga inneber ei fullføring av intercityutbygginga mellom Oslo og Lillehammer og nye kryssingsspor og nytt signalanlegg på resten av strekninga. Til saman kan det korte ned reisetida med to timar, ifølgje ein studie som konsulentselskapet Rejlers har gjort.

– Studien viser at det er mogleg å reise strekninga på fem timar. Det vil vere ein revolusjon. Jernbanen kan da ta tilbake posisjonen han har mista, både når det gjeld godstransport og persontransport, seier leiar Anne Elisabeth Thoresen i Jernbaneforum Dovre- og Raumabanen til (©NPK) NRK.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.09

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE