Sjokk-kunstnar gjer narr av eiga overvekt

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sjokk-kunstnar gjer narr av overvekt

Nå inntar ho Jæren for å gi deg ei ubehageleg kunstoppleving.

Ei overvektig kvinne lagar hamburger og sprutar på eit tjukt lag med, dressing som formar ordet «YOU.» Legg på loket og bit over. Tygg. Og stirer deg midt i auga heile tida.

– Privat, intimt, direkte. Umogleg å sleppa frå, med det blikket. Og alle fordommane våre kjem fram: «Uff, som ho sit og et – ikkje rart ho er svær!», kommenterer prosjektleiar Ingunn Nord-Varhaug ved Hå gamle prestegard.

Provoserande …

Scenen er frå ein av videoinstallasjonane som finske Iiu Susiraja stiller ut frå i morgon, ei av fire nye utstillingar (sjå fakta) som opnar i dag.

40-åringen frå Turku blei for alvor kjend i 2011 under Kiasma-utstillinga, den største kunsthappeningen i de tusen sjøars land.

Med fotografi og videoar av seg sjølv, som blei karakterisert som sjølvutleverande, provoserande og ubehag-skapande, tematiserte ho sin eigen overvekt i kunstnarisk form.

Nå vidareførar ho denne sjangeren på Hå gamle prestegard, gjennom «Følelsenes Klara-Klok.» Men nå i ei litt meir poetisk retning, skal ein tru arrangørane.

… og sårt

– Susiraja er etter kvart kjend for å gjera såkalla «sprø» ting. Som eit tidlegare bilete, der ho held ho oppe eit kosteskaft ved å leggja det under brysta sine. Bileta og videoane her er meir stilreine og estetiske. Mindre grove, både i form og innhald. Men framleis veldig sjølvutleverande. Ho er jo ei stor dame, og viser seg fram, seier Ingunn Nord-Varhaug.

– Kvifor reagerer sjåarane på slike bilete?

– Nokre av situasjonane – som grimasen ho gjer med nasen – er jo i utgangspunktet humoristiske. Men så klarer me ikkje heilt å le av det likevel. Og ein kan jo spørja seg om me hadde ledd om kvinna ikkje hadde vore overvektig? I tillegg er fleire av bileta laga vakre, med behageleg lyssetting og bruk av blomar og liknande, som tilfører noko sårt.

Bestemma over eigen kropp

Iiu Susiraja har sjølv uttalt at kroppen hennar er eit vanskeleg område for henne og at mennesket sjølv skal få bestemma korleis det blir framstilt.

«Det er betre å latterleggjera seg sjølv i media før andre rekk å gjera det. Då held ein på makta,» seier ho i pressemeldinga til utstillinga.

I samband med utstillinga vil det 13. januar vera foredrag på prestegarden. Mari-Mette Graff, leiar i Landsforeningen for Overvektige, vil mellom anna ta for seg stigmatisering av sjukeleg overvektige personar.

– Kvifor har mange eit vanskeleg tilhøve til Susiraja og andre med overvekt?

– Eg trur det rett og slett er fordi me ikkje er vant til å sjå dei. Har du ein stor kropp, blir det gjerne brukt mot deg uansett, og mange stikk seg difor ikkje fram. Har ein litt feitt på kroppen, blir ein fort sett ned på. Og i media og reklame er overvektige på mange måtar fråverande. Fokuset på kropp er ekstremt i dag, og Susiraja tar opp mykje i høve til dette, svarer Nord-Varhaug.

LES OGSÅ:Korleis skal du møta profesjonell kunst?

Nyskapande og politisk

Den andre hovudutstillinga, «Gras – ein politisk tidsspegel,» tek føre seg arbeida til heile 14 kunstnarar. Gras var ei laust samansett, Oslo-basert kunstnargruppe som opererte i åra mellom 1969 og 1974.

Gruppa gjorde eit opprør mot dei etablerte kunstinstitusjonane, både ideologisk og formmessig.

– Gras var med på å føra norsk samtidskunst frå den klassiske modernismen, som var fransk-inspirert, over mot pop-kunst, særleg frå USA. Dei lanserte eit nytt formspråk, som braut med tradisjonen, og mange av dei var i tillegg svært politisk medvitne, fortel Ingunn Nord-Varhaug.

Har blitt klassikarar

Eit verk som Per Kleivas «Blad fra imperialismens dagbok» har blitt ein klassikar frå denne perioden, og er blant dei utstilte verka – frå til saman seks av dei 14 kunstnarane.

Heile Gras-mappa blir i tillegg stilt ut og der er alle 14 representerte: Asle Raaen, Anders Kjær, Bjørn Krogstad, Olav Ruud, Jan Radlgruber, Willibald Storn, Morten Krohg, Bjørn Melbye Gulliksen, Egil Storeide, Eva Lange, Øyvind Brune, Per Kleiva, Siri Anker Aurdal og Victor Lind.

Dei to siste utstillingane er Knut Åsdams «Mobil egress,» som er videoinstallasjon, og Lise Simonnæs' «Sjeldne vekster,» som er måleri.

LES SAKA I JÆRBLADET!