Regjeringa i Australia sørgde for å få fjerna alt som stod om kontinentet i ein endeleg Unesco-rapport om klimaendringar.

NPK
NPK

LES OGSÅ: Dei rikaste er klimaverstingar

Årsaka var frykta for at turistane skulle velje bort Australia som reisemål på grunn av dei menneskeskapte klimaendringane, ikkje minst ved Det store barriererevet, i nasjonalparken Kakadu og i dei tasmanske skogane, skriv avisa The Guardian.

– Dei siste erfaringane i Australia har vist at negative kommentarar om verdsarven påverkar turismen, seier ein talsmann i det australske miljødepartementet til avisa.

LES OGSÅ: Forskar: Flyavgifta er atlfor låg

Tidlegare har den australske regjeringa lykkast med å få sletta Det store barriererevet frå ei Unesco-liste over trua kultur- og naturskattar.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.09

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE