Canada vil forby diskriminering av transkjønna
Partiet til den kanadiske statsministeren har lagt fram eit lovforslag for at «alle skal kjenne seg trygge og frie til å vere seg sjølv».
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Medan vi flagga og feira for nasjonaldagen her heime, var andre meir opptekne av å markere den internasjonale dagen mot homofobi, transfobi og bifobi, 17. mai.
Den kanadiske statsministeren Justin Trudeau og partiet hans, Canada’s Liberal Party, nytta høvet til å annonsere at alle kanadiarar bør kunne kjenne seg trygge og frie som seg sjølv.
Kanadiske myndigheiter føreslår nemleg lovendringar som skal sikre at alle personar skal få leve i tråd med eigen kjønnsidentitet og –uttrykk. Forslaget skal verne mot diskriminering, hatpropaganda og hatkriminalitet, mellom anna mot transkjønna.
Forslaget går ut på å oppdatere lovene Canadian Human Rights Act og Criminal Code.
LES OGSÅ: Refsar Noreg si behandling av transpersonar
Canadian Human Rights Act forbyr allereie diskriminering på grunnlag av mellom anna rase, nasjonalitet, etnisitet, farge, religion, alder, kjønn, seksuell orientering og funksjonshemming. Canada’s Liberal Party vil leggje kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk til lista.
I Criminal Code vil partiet leggje desse omsyna til lista over spesifikke grupper det er forbode å drive hatpropaganda mot.
I tillegg vil partiet gjere kjønnsidentitet og –uttrykk til skjerpande høve når nokon skal dømmast for eit lovbrot. Det vil seie at fornærmingar motivert av fordommar eller hat mot ein person basert på kjønnsidentitet eller –uttrykk vil kunne straffast strengare enn elles, slik lovbrot motivert av hat mot eksempelvis rase, religion, alder og kjønn allereie kan.
LES OGSÅ: Fristad for trans*ungdom
Faktaboks
Kva er kjønnsidentitet og –uttrykk?
Der finst mange individuelle opplevingar av kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk, og omgrepa inkluderer stor variasjon.
Kjønnsidentitet er ikkje det same som seksuell legning. Identitet handlar om personar si individuelle oppleving av kjønn, anten ein kjenner seg som mann, kvinne, begge deler, ingen av delene, eller anna. Ein person kjenner seg ikkje nødvendigvis som kjønnet typisk assosiert med biologisk kjønn ved fødsel.
Kjønnsuttrykk er korleis folk presenterer kjønnet sitt offentleg.