Redda eit viktig stykke kulturarv

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Då Vladimir Smirnov begynte å kjenne lukta av OL-gull under femmila på Lillehammer i 1994, passerte han ein lang skigard. I ettertid skulle det vise seg at tv-bileta av diagonalgangen til kasakhstanaren langs skigarden, moglegvis har redda eit viktig stykke norsk kulturarv frå å gå tapt.

Skigarden stod nemleg i fare for å forsvinne heilt på grunn av ny teknologi og verktøy i landbruket, det same gjorde handverksfaget. Men så skjedde det noko. Utover 90-talet fekk nordmenn meir pengar mellom hendene og mange kunne oppfylle hyttedraumen. Og då dei ferske hytteeigarane hadde fått opp hytta, kom ønsket om eit høveleg gjerde.

– Under Lillehammer-OL ville arrangøren vise norsk kultur til utlandet, men det verka som om også det norske folket fekk opp auga for kulturarven vår. Sidan den gong har det vore livsgrunnlag for det gamle handverket å gjerde ein skigard, fortel tidlegare langrennsløpar Pål Gunnar Mikkelsplass.

Saman med journalist i Hallingdølen Magnus Lindahl gir han no ut bok om skigarden, eit handverk som dei 12 siste åra også har vore levebrødet hans.

Les også: Unge ambassadørar for gamle mattradisjonar

Bytte stavar med staur
Pål Gunnar Mikkelsplass har altså bytt ut ski og bindingar med staur, ski og bindingar, dei tre viktige delane ein skigard er bygd opp av. Men Mikkelsplass var frå før godt van med å bruke skogen til noko anna enn seige stavtak.

– Eg starta arbeidslivet som skogsarbeidar. Etter skikarrieren ville eg tilbake til skogen, men då hadde dei store maskinene teke over arbeidet. Far min dreiv litt med å gjerde skigardar, og det å føre ein slik kulturarv vidare synest eg var interessant.

No driv Pål Gunnar Mikkelsplass med skigard på heiltid i sommarhalvåret. Etter at han starta med det, har han hatt fulle ordrebøker kvar sommar. Og sjølv om det er eit langsamt arbeid som krev mykje tolmod, er det ikkje noko latmannsliv.

– Det er veldig mykje arbeid som skal gjerast før ein i det heile tatt startar å sette opp skigarden. Ein må finne staurane, hogge dei ned, og bere dei til nærmaste veg, fortel Mikkelsplass.

Les også: Sving av hovudvegen og opplev Noreg

Ingen fasit
Frå gammalt av brukte ein det materialet ein hadde i tilgang på når ein skulle byggje ein skigard. Det gjekk mykje i gran, som i dag, men i meir kystnære strok med lite skog var det vanleg å bruke einer. Skigarden er dermed ikkje like vanleg på Vestlandet, med unntak av i områda rundt Voss. Stein derimot, var det nok av i desse traktene, noko som resulterte i steingardar.

Sjølv om skigarden først og fremst dominerer på det indre Austlandet, dukkar han også opp i Agder, Trøndelag, og faktisk også i Nord-Noreg. Mange gudbrandsdøler vandra nordover og tok med seg tradisjonen. I tillegg har det dukka opp samiske variantar med bjørk i Finnmark, truleg inspirert av liknande gjerde frå Finland. Ein har også funne skigardliknande gjerde lenger sør i Europa.

– Skigarden er som dialektar, den varierer litt frå bygd til bygd, dalstrøk til dalstrøk, men det er det same språket. Og det er ingen ting som er rett, ingen ting som er gale, seier Pål Gunnar Mikkelsplass.

Les også: Satsar meir på unge og lokal kultur

Gratis ståltråd
I arbeidet med boka Skigard er det Magnus Lindahl som har hatt ansvaret for å nøste opp historiske detaljar. Frå å ha hatt null meter erfaring med skigard, veit han i dag det meste. Mellom anna har han oppdaga at skigardane i eldre tider også blei nytta som fangstmetode, då ein brukte dei for å leie dyra inn i fangstgroper.

– Då traktoren for alvor kom inn i landbruket etter krigen, blei skigarden skubba ut av landskapet der han tradisjonelt hadde stått. Så mellom krigen og OL i 94 er vel høgdepunktet til skigarden songen til Stanley Jacobsen frå 1974 om at skigarden ikkje kan vare evig, humrar Lindahl.

Men traktoren har ikkje vore den einaste fienden til skigarden. På slutten av 1800-talet fekk nemleg bøndene i Sverige og Noreg tilbod om gratis ståltråd frå styresmaktene, for å hindre at dei kappa ned all ungskogen, kan Lindahl fortelje.

Kulturarv rundt boblebadet
I dag finst det mange store skigardsprodusentar i landet. Handverket er førebels berga og Pål Gunnar Mikkelsplass er positiv med tanke på framtida.

– Så lenge det er ein marknad for å sette opp skigard, vil det vere rekruttering til faget. Det er in i tida å lære seg den typen handverk, så eg ser ikkje vekk frå at folk etter kvart vil spørje etter kurs, seier han.

Det som tidlegare var eit nødvendig gjerde i landbruket, har blitt redda av dei mange hytteeigarane som ønskjer ei tradisjonsrik ramme rundt hytta si.

– Vi ser altså hytter med boblebad, internett og oppvarma oppkøyrsle, der all luksusen er ramma inn av det enklaste bondegjerdet av dei alle: skigarden, seier Magnus Lindahl.

Faktaboks

Skigard

* Eit gjerde laga av staurar, skived og bindingar (kvistar).

* Gran er det vanlegaste treslaget i ein skigard i dag. Ein kan også bruke einer, furu. eik, bjørk, osp og raudselje.

* Staurane står to og to med rundt 75 centimeters mellomrom.

* Forventa levealder for ein staur er rundt 20 år, på fjellet lenger.

* Store skigardsprodusentar treng gjerne 25.000 staurar til ein sesong.

* Gammal skog har ofte gode stauremne.

Kjelde: Boka «Skigard"/Cappelen Damm