– Engelsk pressar ut bokmål i Melodi Grand Prix

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Norsk taper i Melodi Grand Prix

I 1960 var det «Voi Voi» med heile noregs Nora Brockstedt.

25 år seinare fekk Bobbysocks europearar til å bevege kroppane sine til «La det swinge».

Det var før Alexander Rybak sette stemmerekord med «Fairytale» i 2009 og årets «Monster like me».

Norsk fortid
Sidan 1960 har over 500 songar blitt framført i dei norske finalane i Melodi Grand Prix.

Lenge var det songar på bokmål som dominerte, men frå slutten av 1990-åra tok engelsk over, ifølgje Ottar Grepstad.

I 20 år har han arbeidd med å utvikla, samla og analysera statistikk som dokumenterer utbreiinga av språk. No er det heile samla i «Språkfakta 2015».

Kvar dag blir eit nytt kapittel publisert på Aasentunet.no. I dag kan du læra meir om språket i norsk kulturliv.

LES OGSÅ: P3 speler meir norsk musikk

Filmframtid
Det ser mørkt ut for norsk språk i Melodi Grand Prix, men desto lysare er språkstoda i filmverda.

Frå den første norske filmen i 1907 og ut 2014 hadde nær 1000 norske kinofilmar hatt premiere. Og norsk film er i vinden som aldri før.

Medan 1990-talet var dårlege tider for norsk film, ser dagens situasjon mykje lysare ut. I fjor var eit rekordgodt år for norske kinoar, då ein av fire kinogjengarar såg ein norsk film.

I år ser det igjen ut til å verte eit rekordgodt norsk kinoår, ved hjelp av filmar som «Bølgen», «Karsten og Petra på safari» og «Knutsen & Ludvigsen og den fæle Rasputin».

Faktisk er heile seks av dei ti mest sette filmane på kino i år norske, ifølgje NRK.no.

The Wave – Teaser Trailer from gimpVille on Vimeo.

Faktaboks

Fem fantastiske språkfakta

1. Frå og med 1913 har Det Norske Teatret hatt 1165 premierar
2. Sogn og Fjordane Teater og Hordaland Teater har spelt for 1,7 millionar gjester
3. I 2015 har 5,5 millionar sett Flåklypa Grand Prix med innslag av nordøsterdalsk talemål
4. Frå og med 1961 har Posten trykt 253 nynorske frimerke i 1,7 milliardar eksemplar
5. I åra 1987–2004 var kvart tredje spor på norske plater og cd-ar på nynorsk eller dialekt

Kjelde: Ottar Grepstad: Språkfakta 2015, Aasentunet.no

Ottar Grepstad: Språkfakta 2015

Det største verket nokon gong på norsk om utbreiing og bruk av språk

867 tabellar om språk i Noreg og verda gjennom fleire tusen år

19 kapittel, 38 tema-artiklar og eit avsluttande essay

Kvar dag kl. 07.00 i 20 dagar blir eit nytt kapittel publisert på Aasentunet.no

1700 sider i utskrift i A4-format