På denne skulen kan du ikkje komme eitt sekund for seint

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er lette rammer å følgje. Bortsett frå tida står me heilt fritt, seier Thomas S. Johnstone.

Etter å ha teke dramalinja og fått studiekompetanse på vidaregåande fekk 20-åringen alvorleg hjartesvikt. Fem månaders sjukdom gjorde at han ikkje rakk studiestart.

For å sleppe å sitje heime og ikkje gjere noko, søkte han Gateakademiet i Kristiansand.

LES OGSÅ: Denne skulen har eigen NAV-rettleiar

«Ugressteater»
Gateakademiet starta eigentleg med ungdomsteatergruppa Ugress, som såg dagens lys i år 2000.

Tilbodet vart så populært at politikarane i Kristiansand fann ut at det var eit  behov for eit tilbod utanom det vanlege skulesystemet. I 2004 vart det difor vidareført som eit kommunalt prosjekt, som samarbeider med Vest-Agder fylkeskommune

I dag har det unike opplæringstilbodet løpande opptak heile året på 18 plassar for elevar mellom 16 og 25 år, som står utanfor skule eller jobb.

Om lag halvparten av elevane er det mange vil kalla skuleleie vidaregåandeelevar. Resten kan ha fått kontakt med skulen gjennom barnevern, politi, ungdomspsykiatrisk – eller som tiltak for mindreårige einslege asylsøkjarar.

Felles for dei alle er at dei er der av eigen vilje.

LES OGSÅ: – Reglane er eit signal om at nokre ikkje passar inn

Satelittklokka
Dei i dag 14 elevane på Gateakademiet er fordelt på verkstadene Musikk & Produksjon, Idé & Trykk, Foto & Grafisk og Form & Design.

Kvar morgon møtest dei klokka 9.30 – «på dotten» – for felles frukost. Ved kjøleskåpet heng ei ganske vanleg veggklokke, innstilt på satellitt-tid. Kjem ein eitt sekund for seint, vert det ein halvtime fråvær.

– Me har rask oppfølging. Er dei vekke klokka 9.30, så ringjer me med det same og spør om dei har forsove seg. Me gjer det med tilsette, så kvifor skal me ikkje gjere det med elevar? spør sosialfagleg koordinator Silvia Sundelin.

Er elevane sjuke må dei ringja inn eigenmelding dagleg dei tre første dagane, før dei får ein oppfølgingssamtale om kva dei treng for å kome attende.

I løpet av den siste månaden har dei tre fotoelevane til saman éin halvtime fråvær. Fotolærar Tor Helge Svendsen er tydeleg stolt.

LES OGSÅ: – Reglane er eit signal om at nokre ikkje passar inn

Evelyn Teigen (17) lærer photoshop, naturfoto og å ta ansvar sjølv på Gateakademiet. Her med medelev Lars Raymond Nielsen (20).
Evelyn Teigen (17) lærer photoshop, naturfoto og å ta ansvar på Gateakademiet. Her med medelev Lars Reymond Nielsen (20).  

Kokkeknipa
– Det er ikkje så store krav her, anna enn at du må møte opp og følgje med. På vidaregåande er det mykje større krav, seier Lars Reymond Nielsen, som har gått kokkelinja og funne ut at det ikkje var yrket for han.

20-åringen tykkjer ikkje det er berre lett å velje retning på vidaregåande. Det er lettast å velje det som dei andre vel, når ein er ung og ikkje heilt veit kva ein vil. 

Målet for Gateakademiet er at ungdommane sjølv skal ta bevisste val for framtida si. Dette får dei hjelp til gjennom gjennom tett individuell oppfølging og undervisning, som er tilrettelagt den enkelte sitt nivå og ferdigheiter.

Problemet med fråfall i vidaregåande skule er størst i yrkesfaga, men Vest-Agder skil seg positivt ut. Tal frå 2015 viste at 65 prosent av yrkesfagelevane i Vest-Agder og Rogaland fullførte skulegongen. På landsbasis fullfører berre 58 prosent yrkesfag.

Etter eitt år på Gateakademiet vel mange å gå attende til vidaregåande skule.

LES OGSÅ: Fleire fullfører vidaregåande skule

Katteblikk
– Eg har fått hjelp til å sjå framover på kva eg vil. Eg har òg blitt mykje flinkare til å ta ansvar, seier Evelyn Teigen, som til liks med Lars Reymond har søkt sal- og servicelinja til hausten. 

På skjermen til Evelyn går det i store kattedyr – fanga på film med telelinse i Dyreparken. Ho har sett seg som mål å bli betre på naturfoto, fram mot den store avslutningsutstillinga i juni.

Kvar månad har elevane individuelle møter med lærarane. Der set dei seg både faglege og sosiale mål. 

Om ho lurer på kva ho kan jobbe med framover, snurrar ho berre rundt på stolen sin og ser på ei ramme med sju punkt. I desse sosialkompetansemåla står ord som sjølvbestemt og sjølvhjelpen.

LES OGSÅ: Tett oppfølging hindrar fråfall

Sosialfagleg koordinator Silvia Sundelin i silketrykkverkstaden, der elevane får utvikla sitt eige uttrykk og mottek verkelege plakatoppdrag.
Sosialfagleg koordinator Silvia Sundelin i silketrykkverkstaden, der elevane får utvikla sitt eige uttrykk og mottek verkelege plakatoppdrag.  

Konsekvenspedagogikk
Dette er ein del av konsekvenspedagogikken, som er filosofien bak Gateakademiet.

Pedagogikken fokuserer på det enkelte individ i samspel med omgjevnadane og dei plikter ein har overfor fellesskapet. Fridom, val, handling og konsekvens er grunnelementa i pedagogikken.

– Konsekvens som følgje av ei handling kan vere både positivt og negativt. Me meiner at menneskjer dannast i sosiale samanhengar. Gjennom små grupper får dei trening i sosiale ferdigheiter som samarbeid og respekt. Dei lærer å samarbeide, sjølv om dei ikkje nødvendigvis likar kvarandre, og å ta ansvar for eige arbeid og truverd, forklarar Sundelin.

Ho ser at ungdommane veks når dei opplever meistring og at omgjevnadane har trua på dei.

Avdelingsleiar Tor Egil Vaule Andersen understrekar at pedagogikken ikkje er åtferdsanalytisk, slik at handlingane til elevane fører til anten løn eller straff.

I staden skal handlingane til den enkelte elev ha reelle konsekvensar, og slik gje dei verktya og kunnskapen til å sjå på seg sjølv som handlande aktørar, som tek sjølvstendige val i livet. 

– Det handlar om at ein ser på elevane som ein ressurs og spør: «Kva kan du?» og «Kva vil du?» For å læra noko må dei digga det og ha lyst til å læra, understrekar Vaule Andersen. 

Han meiner at den fantastiske utviklinga og resultata den enkelte eleven opplever, kan ha ein verdifull overføringsverdi til vegen vidare.

LES OGSÅ: Einsame elevar tenkjer mest på å droppe ut

Motivasjon og lærdom
– Eg sprett opp av senga om morgonen for å koma hit, det gjorde eg aldri for å læra matte.

På skjermen til Thomas står silhuettar av dansarar på Kilden kulturhus. Elevane får ofte spørsmål frå læraren om dei vil ta på seg oppdrag. Nyleg fekk han prøva seg som konsertfotograf då bandet Hvitmalt gjerde gjesta byen.

20-åringen set pris på å få prøve seg på ein reell arbeidssituasjon. Han meiner mykje av suksessen til Gateakademiet ligg i den individuelle oppfølginga og at dei sjølv får setje seg mål.

– Me står sjølv for plan og gjennomføring. På ein måte kan ein seie at ein lærer å læra seg sjølve – noko som er god kunnskap å ha, seier Thomas, som har valt seg ei grafisk oppgåve.

Det er god trening til neste år. Då byrjar han nemleg på grafisk design på Skjeberg folkehøyskole.

Gateakademiet silketrykk
Elevane på Idé & Trykk utviklar sitt eige indiduelle uttrykk. Den årlege avslutningsutstillinga og -konserten er eit av årets høgdepunkt.

Faktaboks

 Gateakademiet i Kristiansand:

• Eit kreativt opplæringstilbod for ungdom i alderen 16-25 år, som står utanfor skule og arbeidsliv

• Starta med teatergruppa Ugress i 2000

• Vart i 2004 vidareført som eit kommunalt tilbod, som samarbeider med mellom anna fylkeskommunen, BUP, politi og barnevern

• Har løpande opptak til dei 18 elevplassane, fordelt på verkstadene Musikk & Produksjon, Idé & Trykk, Foto & Grafisk og Form & Design.

• Gateakademiet nyttar konsekvenspedagogikk, som fokuserer på det enkelte individ i samspel med omgjevnadane og dei plikter ein har overfor fellesskapet. Fridom, val, handling og konsekvens er grunnelementa

• Målet er at ungdommane sjølv skal ta bevisste val for framtida si