Prisvinnaren sjølv hadde ikkje rekna med å få ein slik pris.

mm
Faktaboks

I juryen: Kommunikasjonssjef i Kirkens Nødhjelp, Håkon Haugsbø, redaktør i Firdaposten Svend Arne Vee og forfattar/journalist Agnes Ravatn, som ikkje var med i siste runde der kollega Hustad fekk tildelinga. 

LES FAKTALUKK FAKTA

– Eg er veldig glad, men også veldig forundra. Eg har alltid oppfatta nynorskrørsla å vere langt til venstre i det politiske landskapet. Der er ikkje eg. Difor hadde eg ikkje rekna med å få ein slik pris. Men eg takkar ja med begge hender, seier Jon Hustad i ei pressemelding frå sekretariatet.

Utdeling på Festspela
I dag vart det kjent at samfunnsdebattanten og Dag og Tid-journalisten får Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar for 2016.

Kulturdepartementet si Nynorskpris for journalistar blir delt ut 24. juni på Dei nynorske festspela i Ørsta, som er heimbygda til den Asker-baserte prisvinnaren.

Blant tidlegare vinnarar er NRK-profilane Linda Eide, Ronny Brede Aase og Hilde Sandvik, tidlegare kultur- og debattredaktør i Bergens Tidende.

Prisen er på 50.000 kroner og eit kunstverk. 

Kranglefant
Juryen kallar Hustad ein kunnskapsbasert kranglefant, som brukar eit godt og levande nynorsk for å fremje sakene og meiningane sine.

«Hustad har skarpe anlyser, ein skarp penn – og ei skarp tunge. Han kan oppfattast som ein rabulist, men han inntek ofte rolla som folkedjupet sin velutdanna talsmann», skriv juryen.

Sjølv er Hustad, som òg er å sjå i Tv2-programmet «Underhuset», litt meir måtehalden.

– Å vere reaksjonær no for tida er så slitsomt at til og med eg framstår som moderat, seier prisvinnaren i pressemeldinga.

Juryen meiner Hustad er stødig i framføringa både i skrift og tale, og brukar nynorsk på ein måte som syner at målforma ikkje berre eignar seg til nasjonalromantikk og lyrikk, men også til meiningsbryting og tung tids tale, heiter det i grunngjevinga.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.09
ANNONSE