Sunniva Grov Framnes, elev ved Bergen Private Gymnas
Sunniva Grov Framnes, elev ved Bergen Private Gymnas

Staten bruker kvart år 180.000 kroner per elev, for at kvar og ein av oss skal få moglegheita til å ta ei vidaregåande utdanning. Kvifor synest då Sosialistisk ungdom og Elevorganisasjonen at fråværsgrensa er eit åtak på oss som elevar?

LES SAKA: Streikar mot ny fråværsgrense

Eg er ein av dei som stiller meg positiv til fråværsgrensa. Kvifor, tenker du kanskje. Fordi eg synest det er rimeleg at staten stiller eit krav til oss som elevar. Eit krav for at me skal komma oss opp om morgonen, og inn på skulebenken.

Noko som eg finn frustrerande i denne saka er at på ein debatt 03.05.16 påstod Elevorganisasjonen i Hordaland, at elevane er i mot fråværsgrensa. Detta er då altså ikkje tilfelle. Dersom elevane hadde fått betre informasjon om fråværsgrena, kunne dei ha opparbeid ei reel meinig om saka.

I staden heng mesteparten seg på straumen om å streike 11.mai. Mange elevar veit faktisk ikkje kva dei streikar for, og ser på detta som ein fridag.

Mesteparten har heller ikkje fått med seg at dette gjeld u-dokumentert fråvær. Det er fråvær der du ikkje kan bevise at du hadde ein grunn til å vera vekke frå skulen. Og kvifor er det så kjipt? Er det kjipt at du ikkje kan skulke lenger?

Eg veit med meg sjølv at fråværsgrensa kjem til å bli ein motivasjon som får meg opp av senga om morgonen, og også ein motivasjon for mange andre.

Så kjære medelevar, sjå realiteten i augo. Om nokre år skal me ut i arbeidslivet, og der er det null toleranse for skulk. Me vil kalla oss sjølv vaksne, men kan me det når mesteparten av oss ikkje tolererer ei fråværsgrense?

Ikkje følg straumen og streik på onsdag berre fordi Elevorganisasjonen og Sosialistisk ungdom sa du burde. Og ikkje streik fordi «alle» andre skal gjera det. Streik om du vil, men ver sikker på at du veit kva du streikar mot.

LES OGSÅ: Vil senda klart signal mot skulk

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.09

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE