Faktaboks

Kjelde: «Kunsten å gjøre ingenting, men være alt. Nordiske statsministeres profilbilder på Facebook» Anne Krogstad (Rhetorica Scandinavica, 2014, nr. 66/67:35-56).

LES FAKTALUKK FAKTA

Profilbilete kan kallast vår tids valplakat, ifølgje ein artikkel av UiO-forskar Anne Krogstad.

I artikkelen «Kunsten å gjøre ingenting, men være alt. Nordiske statsministeres profilbilder på Facebook» har professoren studert korleis nordiske statsministarar framstiller seg sjølv gjennom profilbileta sine på Facebook. Kleda, andletsuttrykka, blikkretningen til den norske, danske, svenske og finske statsministeren analysert, i tillegg til kameravinkling og -avstand.

LES OGSÅ: Vi likar politikarar som byr på seg sjølve

Sidan innsamlingsperioden var før juni 2013, er det Jens Stoltenberg og ikkje Erna Solberg, som er den norske statsministeren i studien. Han hadde på det tidspunktet 311. 000 følgjarar på Facebook-sida si.

Vellukka til det absurde
Profilbilete er alvorlege saker, ikkje minst for dei folkevalde. Politikarane sine profilbilete er bevisst, strategisk og profesjonell kommunikasjon, laga for medieeksponering og politisk påverknad, skriv Krogstad.

Sjølv om dei «ved første augekast verke små, flate og ubetydelege», er dei utstuderte, som politisk kommunikasjon elles, skriv Krogstad i artikkelen.

Ho peikar på at politikarprofilane på Facebook kan minne om den tidlegare partipressa, der partia sjølv kan styre framstillinga utan innblanding frå journalistar. Det kan føre til at profilane somme gongar nærmar seg «det absurd vellukka», skriv ho.

Bryte med forventingar
Dei fire statsministrane i undersøkinga er norske Jens Stoltenberg (Arbeidarpartiet), danske Helle Thorning-Schmidt (Socialdemokraterne), svenske Fredrik Reinfeldt (Moderatarna) og finske Jyrki Katainen (Samlingspartiet).

Stoltenberg er den einaste av dei fire statsministrane som er heilt alvorleg på profilbiletet. Som dei tre andre, har han augekontakt med sjåaren. Han er delvis uformell i kvit skjorte og slips, og er fotografert med noko avstand og med kameravinkling ovanfrå. Bakgrunnsbiletet er av ein bukett av roser framføre det terrorbomba regjeringskvartalet. Krogstad meiner han framstår som ein alvorleg og ansvarleg leiar i ei tid prega av terror.


Facebook-profilbileta som Krogstad har analysert av f.v. Jens Stoltenberg, Helle Thorning-Schmidt, Fredrik Reinfeldt og finske Jyrki Katainen. Utsnitt frå artikkel av forskar Anne Krogstad.

LES OGSÅ: Du øydelegg livet mitt, men eg elskar deg sårt

Størst skilnad er det til den finske statsministeren Jyrki Katainen, som med oppkneppa skjorte er meir uformell. Biletet hans er tett på, og han smiler breitt. 

Bryte med forventningar
Katainens uformelle, nære og blide stil kan bryte med kva ein vanlegvis ventar av klassisk konservative politikarar, skriv Krogstad. Ein forventar folkelege politikarar på venstresida, men den tradisjonelle høgresida har ikkje det same ryktet, ifølgje forskaren.

 Eit leikent profilbilete kan kompensere for slike partiforventingar. Dermed kan politikarane leggje til rette for oppslutning frå breiare lag av befolkninga. Samstundes må dei operere innanfor rammer som gjer at dei held på sine kjerneveljarar, skriv Krogstad.

Sameleis tolkar ho Stoltenbergs profilbilete i ljos av terroraksjonane i 2011. Før dette var Stoltenberg omtala som litt guteaktig og kameratsleg. Nokre meinte han var konfliktsky og svak. Han var ein grei kar, ein «folkets bror», skriv forskaren. Etter terrorhandlingane framstod han derimot som ein tydeleg leiar og, for mange, nettopp som ein landsfader.

 Det kan ha vore eit poeng då profilbiletet var lagt ut i 2011 å markere eit distansert og alvorleg leiarskap, framføre meir nærleik og kameratsleg symmetri, skriv forskaren i artikkelen.

Svært like
Krogstad meiner likevel at noko av det mest påfallande i samanlikninga av dei nordiske statsministrane sine profilbilete, er kor like dei er:

Politikarane gjer ingenting  på bileta, det er ingen kontekst, alle ser rett inn i kameraet, utsnitt er hovud-skuldrar, og vinkelen er ovanfrå.

 Det kan sjå ut som kunsten er å gjere ingenting, men likevel vere alt – for alle, skriv Krogstad.

LES OGSÅ: Single menn styrer på Facebook

Oppdatert: tysdag 7. november 2017 13.26

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE