Oppdrettarar vil ha eigne fjordar
Medan eit fylkeskommunalt utval i Hordaland vil skjerme enkelte område, ber havbruksnæringa om å få fjordområde øyremerkte til oppdrettsanlegg.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Å produsere mat bør ha fortrinn. Oppdrettsnæringa bør få større areal med restriksjonar for anna verksemd som kan påverke oppdrett negativt, seier regionsjef Hans-Inge Algrøy i Sjømat Norge Vest, bransjeorganisasjonen for dei fleste oppdrettsselskapa, til Bergens Tidende.
Omstridd kystsoneplan
Hordaland fylkeskommune har brukt mykje ressursar på å utvikle ein omfattande kystsoneplan for Sunnhordland og Ytre Hardanger, nokre av dei områda i landet som har flest anlegg for oppdrett av laks og regnbogeaure.
Planen skulle ha vore politisk handsama i fylkestinget før jul, men sterke protestar frå oppdrettsinteresser gjer at saka framleis ikkje har fått noko vedtak. No skal heile planen omarbeidast.
– Motstanden var kraftigare enn vi hadde trudd, seier Eva Katrine Ritland Taule, som er konstituert plansjef i Hordaland fylkeskommune, til avisa.
Kystsoneplanen er eit pionerarbeid, der det heiter at formålet er å sikre ei berekraftig forvaltning av sjøareal. Intensjonen er at næringa framleis skal vekse, men med nokre unntak.
Omsynssonar
Den raude kluten for oppdrettsnæringa er forslaget om 14 omsynssoner – kystområde der oppdrett skal avgrensast av omsyn til miljøet, og på sikt fjernast heilt. Ønsket er at vekst i oppdrett først og fremst skal skje i nye og sterkare anlegg lenger ute i havet, eller i lukka anlegg ved land. Planen legg også til rette for vekst gjennom færre og større lokalitetar i område der det er akvakultur frå før.
Mange høyringsinstansar har vore negative til forslaget, og mest negativ har interesseorganisasjonen til oppdrettarane, Sjømat Norge, vore. Dei meiner miljøomsyn blir prioritert føre andre omsyn.
Regionsjef Hans-Inge Algrøy i Sjømat Norge Vest vil ha ein heilt annan type fjordvern der det er oppdrett som vert prioritert.
– Eg er ikkje er negativ til ein overordna plan for utvikling av oppdrett, men den må leggje betre til rette for vidare vekst. Vi er veldig opptatt av å få ein regional plan, seier Algrøy. (©NPK)