Aktivistar merka oppdrettslaks i butikkhyllene som «miljøskadelig»
Natur og Ungdom oppmodar til boikott av oppdrettslaks.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Fleire pakker med oppdrettslaks ute i matbutikkar har fått merka «Oppdrett dreper villaks», «Oppdrett skader fjordene» og «Dette produktet er miljøskadelig».
Det skriv Natur og Ungdom i ei pressemelding.
Dei har i dag gått inn i butikkar i Oslo sentrum og plassert merka for å oppmode til boikott av oppdrettslaks.
– Norsk oppdrettslaks er ein miljøversting, skriv sentralstyremedlem Johanna Haukanes Leivestad i pressemeldinga.

Johanna Haukanes Leivestad frå Natur og Ungdom.
Ho meiner oppdrett har store konsekvensar for naturen rundt, og viser til sjukdom, utslepp og rømming av fisk.
– Sidan regjeringa ikkje klarer å ta grep, tar vi saka i våre eigne hender. Merking av oppdrettsprodukt har lenge vore manglande.
Organisasjonen tar til orde for boikott fordi dei vil skape merksemd rundt problema i bransjen. Natur og Ungdom meiner det vil vere betre dersom oppdrettet går over til lukka anlegg i sjøen.