Konfirmantforeldre gir over 10.000 kroner i gåve

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Konfirmantforeldre gir over 10.000 kroner

På gåvebordet til konfirmantane i år vil det liggje verdiar for eit femsifra tal kroner. Foreldre bidreg med størst del, 10.400 kroner i snitt, mens besteforeldre og andre i familien slår til med 2.800 kroner kvar.

Samanlikna med i 2015 ligg gåva frå foreldra på omtrent same nivå, mens familiemedlemmer planlegg å bruke heil 40 prosent meir enn i fjor. Venner av barnet eller familien brukte i fjor 590 kroner på gåve, og legg på til over 730 i år, ein auke på nesten 25 prosent.

Undersøkinga er utført av Ipsos MMI for DNB, og resultata stemmer langt på veg med summar og tendensar funne i ei liknande undersøking frå TNS Gallup for Nordea, omtalt i Aftenposten.

LES OGSÅ: Må ta opp lån for konfirmasjon

Tull og tøys
Ipsos MMIs tal viser vidare at sju av ti konfirmantar ønskjer seg pengar til den store dagen. Pengar er heilt klart hovudønsket, deretter kjem elektronikk og bunad, som høvesvis 9 og 7 prosent vil ha.

Forbrukarøkonom Silje Sandmæl i DNB tippar svært mange får det dei ønskjer seg, pengar, noko ho er skeptisk til, ettersom mykje tyder på at pengane verken blir spart eller brukt på noko varig:

– Pengedrysset som konfirmasjonen er, kunne ha vore eit godt starttilskot, og mange seier i ettertid at dei angrar på at dei ikkje sparte meir. Det er frykteleg synd å søle bort så mykje pengar på shopping og tull og tøys, seier ho til NTB.

LES OGSÅ: Slik sparar ho tusenvis på konfirmasjonen

Varige verdiar
Konfirmasjonsdagen handlar i utgangspunktet om kva val ein tar i livet og kva ein trur på. Økonomar i fleire banker foreslår å tenkje litt gjennom signala ein sender med gåvene:

– Dersom vi ønskjer å gi gåver som set spor og er nyttige i lengda, er jo setlar det minst smarte vi kan gi. Pengar på bustadsparekonto, ein spareavtale i fond, smykke, kunst, mansjettknappar eller ei ordentleg klokke, blir kanskje ikkje den mest populære konfirmasjonsgåva, men vil definitivt gje glede seinare. Vi bør bruke livserfaringane våre, i staden for å gjere nøyaktig som ein 15-åring vil, seier Sandmæl.

Ifølgje henne vel så å seie ingen konfirmantar å spare til bustad.

– I underkant av halvparten seier dei vil spare noko av eller heile beløpet. Men ein 15-åring er utsett for mange freistingar, og vil, som så mange andre «nyrike», ha problem med å disponere pengane rett. Foreldre bør derfor sette seg ned med tenåringen og snakke om kva som kan vere lurt å gjere med pengane. (©NPK)

LES OGSÅ: Ber kyrkja bremse festen