Ber kyrkja bremse festen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Religionsforskar Marie von der Lippe har intervjua ungdomar i alderen 14 til 16 om deira syn på religion. Då møtte ho personar som trudde, men som ikkje våga å konfirmere seg.

– Ei jente eg snakka med, fortalte at ho berre sa til vener at ho ikkje trudde på gud. Det var enklare å seie det enn den faktiske grunnen, seier von der Lippe.

Jenta vaks opp med ei mor som var åleine med ho og to sysken. Dei hadde ikkje råd til ein stor fest eller dyrebare gåver.

– Difor valte ho å ikkje konfirmere seg. Er det slik kyrkja vil at det skal vere? spør von der Lippe.

LES OGSÅ: Fleire enn åtte av ti konfirmerer seg

Gåver for 3,9 millardar
Ifølgje ei spørjeundersøking gjort av Synovate for Nordea i 2011 fekk konfirmantane i Noreg gåver for til saman 3,9 milliardar kroner. Ein typisk konfirmant får gåver for 26.000 kroner, medan nokon får gåver verdt til saman 70.000 kroner.

Konfirmantar framtida.no har snakka med vedgår at det ofte kan vere mykje fokus på pengar og gåver.

LES OGSÅ: Flest vel humanistisk i aust

– Vi brukar å snakke mykje om det. Nokon har gjerne eldre søsken som har konfirmert seg før og ein veit kva dei har fått. Eg trur det er ganske store skilnadar frå familie til familie kor mykje ein får. Eg trur det er vanleg å få mellom 20 og 30.000 kroner, men eg kjenner til nokre som har fått opp mot 40 til 50.000 kroner, seier Marie Særsten frå Bergen. Ho skal konfirmere seg i statskyrkja.

Von der Lippe oppmodar statskyrkja om å ta ansvar for måtehald og hindre at konfirmasjon vert ein ”vanvittig kjøpefest”.

– Dei bør gå aktivt ut og jobbe mot at konfirmasjon fører til eit såpass stort materialistisk press mot einskilde familie. Så vidt eg kjenner til har ikkje kyrkja gjort dette til no.

Kristine Aksøy er seksjonleiar for barn, unge og trusopplæring i statskyrkja. Ho synst det er flott at familiane feirar ungdomane sine, men legg til eit ”men”.

LES OGSÅ: Salka konfirmerer seg holistisk

Vil ha mindre press
– At konfirmasjon vert eit stad kor ein synleggjer kven som har mykje og kven som har lite, er ikkje ei side ved konfirmasjonen som kyrkja vil bygge opp under, seier ho.

– Kva tenkjer du om at ungdomar frå fattige familiar ikkje tør å konfirmere seg grunna dårleg økonomi?

– Det gjenspeglar samfunnet vårt. Å ha mindre pengar enn venene, er tabu, seier Aksøy.

Les meir om konfirmasjon her!

Ho meiner det er viktig at kyrkja må nytta høve til å vere tydelege på å oppmode foreldre om å dempe kjøpefesten i samband med konfirmasjon.

– Ein må sjå dei gode sidene ved konfirmasjon som ikkje er avhengig av god økonomi. Mange foreldre kjenner nok på eit materialistisk press. Konfirmasjon skal vere ein måte å vise barna at dei har verdi, framfor at det skal dreie seg om pengar, seier Aksøy.

Synest du det er for mykje gåvepress i konfirmasjonen?