Cervantes' Don Quijote er den litterære skapnaden som får namnet sitt blir uttalt mest feil, ifølgje The Telegraph.

NPK-NTB
NPK-NTB

Avisa gir att ei uformell spørjegransking, utført av lydbokforhandlaren Audible, i høve markeringa av dødsdagen til forfattaren.

På dei neste plassane i oversikta over skapnader engelskkyndige lesarar slit med verbalt, følgjer Daenerys Targaryen frå «Game of Thrones», Sofokles' Oidipus, J.K. Rowlings Hermione og Beowulf frå heltediktet ved same namn (ukjent forfattar).

For ordens skyld: Ifølgje Store norske leksikon skal «Don Quijote» uttalast «dån kixˈåte» på våre kantar. Den skarpsindige lågadelsmannen herr Quijote frå La Mancha, som han også er kjent som, vart klekt ut av spanjolen Miguel de Cervantes Saavedra tidleg på 1600-talet. 

LES OGSÅ: – Ekstremt å vera ungdom

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.09
ANNONSE