Skal lære meir om overgrep

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nyutdanna lærarar og barnehagelærarar skal kunne sjå etter teikn på at barn og unge blir utsette for vald og seksuelle overgrep, og vite kva dei skal gjere i slike situasjonar. Det blir gjort tydeleg i rammeplanane for lærarutdanningane.

LES OGSÅ: Overgriparen skulle ikkje få skade fleire

Kunnskapsdepartementet endrar rammeplanane for lærarutdanningane, for å tydeleggjere kva lærarstudentane og barnehagelærarstudentane skal kunne om vald og seksuelle overgrep. Endringane trer i kraft 1. august.

– For å sikre at alle nyutdanna lærarar og barnehagelærarar har kunnskap til å handtere vald og seksuelle overgrep mot barn og unge på ein god og trygg måte, gjer vi no endringar i rammeplanane for desse utdanningane, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Mange utdanningsstader har allereie lagt inn undervisning om vald og seksuelle overgrep for dei som skal ut og jobbe i skular og barnehagar, men med dei nye skildringane i rammeplanane blir det heilt tydeleg kva studentane skal kunne når dei er ferdig utdanna.

LES OGSÅ: Vil avskamme seksuelle overgrep