Ny dobling av diktatoreksporten

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nye tal for norsk våpeneksport stadfestar trenden til fjoråret: Medan den totale våpeneksporten går nedover, aukar eksporten til autoritære regime som Saudi-Arabia og Emirata.

Fredag 30. oktober vart Noregs vart årets stortingmelding om norsk eksport av forvarsmateriell i 2014 lagt fram av Børge Brende. Meldinga avslører at den såkalla diktatoreksporten har fordobla seg, samanlikna med året før. Òg frå 2012 til 2013 var det ei fordobling.

– Auken er uhaldbar, og vitnar om at me enno har ei stor utfordring knytt til kontroll av våpeneksporten vår, seier leiar i Changemaker, Hanne Sofie Lindahl.

Våpeneksportmeldinga i fjor viste at eksporten til autoritære regime nærast hadde fordobla seg, frå eit nivå på 12,6 millionar i 2012 til 22,9 millionar i 2013 . Denne auken held fram, for i 2014 selde regjeringa militært utstyr for 56,6 millionar kroner til Kuwait, Qatar, Oman, Dei foreinte arabiske emirata og Saudi-Arabia. Auken er størst til Emirata og Saudi-Arabia.

– Regelverket fungerer ikkje. Me veit at land som Saudi-Arabia og Emirata har enorme menneskerettsbrot på samvitet, og er aktivt og direkte involvert i krigar i nærområda. Her skal ikkje norske våpen enda opp, poengterer ho.

LES OGSÅ:KrF vil stramma inn på våpeneksport

Changemaker har lenge jobba for betre parlamentarisk kontroll og større openheit rundt våpeneksporten. Fleire forslag vart tidlegare i år nedstemt i Stortinget, som meinte at menneskerettssituasjonen i enkeltland ikkje i seg sjølv er god nok grunn til å nekta eksport.

Det er likevel eit lyspunkt i meldinga.

– Det er bra at me no får vita kva for land som mottar såkalla fleirbruksmateriell. Denne posten har tidlegare berre blitt vist som ein samlepost.

– Det er avgjerande at Stortinget tek større ansvar og stoppar eksporten av militærutstyr til diktatur. Det er ikkje greitt at Saudi-Arabia, som blant anna har avretta over 100 menneske berre første halvdel av 2015, skal ta i mot norsk krigsmateriell, seier Lindahl.

LES OGSÅ:7000 underskrifter mot våpeneksport

Faktaboks

• Norsk våpeneksport til autoritære regime var 12,6 millionar i 2013 . I dag er nivået på 56,6 millionar.
• Den totale eksporten av norsk forsvarsmateriell har gått ned med 15 prosent frå 2013.
• Emirata tok i mot forsvarsmateriell for 50 millionar kroner frå 2002-2012. I 2014 åleine kjøpte dei militærutstyr for 44,6 millionar kroner.
• Både Kuwait og Emirata har mottatt såkalla A-materiell, våpen og ammunisjon.
• Oman og Saudi-Arabia har motteke kommunikasjonsutstyr.