Vil gi bøter til mobbe-skular

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kunnskapsministeren la måndag fram nye tiltak mot mobbing.

– Mange barn blir mobba kvar dag. Det er forferdeleg vondt for det enkelte barnet, og det er òg eit alvorleg samfunnsproblem. I tråd med tilrådinga frå Djupedalutvalget vil me difor innføra ei aktivitetsplikt for skulane som gjer at dei kan handla raskt og effektivt når dei oppdagar mobbing. Ingen skal kunna snu seg vekk, seia at dei ikkje visste eller la vera å gripa inn, seier Torbjørn Røe Isaksen i ei pressemelding.

I tillegg til mobbebøter vil regjeringa òg greia ut om det skal bli lettare å sparka rektorar som over tid ikkje handterer mobbesaker godt nok.

LES OGSÅ: Denne filmen fekk læraren til å grina

Måtte skifta skule
Margit Kristine Axelsen (19) opplevde fleire år med mobbing på barne- og ungdomsskulen, og måtte til slutt skifta skule på grunn av at mobbinga ikkje tok slutt.

I 2014 fortalde ho den tøffe historia si i ein VGTV-dokumentar, og i fjor blei ho kåra til Årets forbilde i programmet «Norske helter».

Ho håpar bøter kan vera eit verkemiddel mot skular som ikkje grip inn mot mobbing.

– Eg opplevde at skulen ikkje hjelpte meg. Eg håpar desse tiltaka vil hjelpa, seier Axelsen til Framtida.no.

KOMMENTAR: «Er mobbeproblemet oppblåst?»

Må framleis klaga til fylkesmannen
Ifølgje Kunnskapsdepartementet blir 32.000 elevar mobba to eller fleire gonger i løpet av ein månad, men berre ein brøkdel klagar til fylkesmennene. Regjeringa føreslår no at skulane skal ha plikt til å fortelja om kva rettar elevar og foreldre har til å klaga.

Regjeringa vil gjera det mogleg å klaga rett til fylkesmannen utan å senda klagen til skulen først, og fylkesmennene skal få meir ressurser for å løysa denne oppgåva.

Djupedalutvalet har tidlegare føreslått at Barneombodet får ansvaret for klagesakene.

Margit Kristine Axelsen, som no går førsteåret på psykologi i Bergen, kunne òg helst tenkt seg at det blei ei ny klageordning.

– Det blir spennande å sjå korleis det no slår ut. Ein veit ikkje korleis forslaget til regjeringa slår ut før ein har sett det i praksis, seier ho.

Barneombodet vaktbikkje
Regjeringa føreslår òg at Barneombodet
skal styrkjast for å kunna vera borna sine vaktbikkje, og for å hjelpa barn og foreldre i kompliserte saker. Barneombodet skal enno vera eit uavhengig ombod for alle barn, men setjast betre i stand til å yta bistand.

– Me ser fram til å bli barnas advokat i mobbbesaker, og vil følgja Fylkesmannens vidare arbeid mot mobbing med argusauge, skriv Barneombodet på Twitter.

LES OGSÅ: Over 60.000 blir nettmobba

Sjå oversikten over mobbepolitikken til regjeringa!

Faktaboks

Her er nokre av dei nye tiltaka mot mobbing:

• Dagbøter til skular som ikkje grip inn mot mobbing
• Utgreiing om det skal bli lettare å sparka rektorar som over tid ikkje handterer mobbesaker godt nok.
• Særleg satsing mot digital mobbing.
• Høve for å klaga direkte til fylkesmannen
• Meir midlar til fylkesmannen for å følgja opp mobbing
• Styrking av Barneombodet
• Innføra plikt for skulane til å informera om rettane til elevar og foreldre
• Etablera ein eigen telefon- og chat-teneste for barn som opplever mobbing.
• Kompetansebygging
• Start på antimobbearbeidet i barnehagane