Skepsis til homo-vigsle

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert i Møre-Nytt.no

Det seier sokneprest i Hjørundfjord og Bjørke, Espen Aarseth.

– Det er ikkje dermed sagt at eg ikkje ønskjer homofile velkomne i kyrkja, understrekar han.

– Men eg har eit tradisjonelt syn på at ekteskapet skal vere mellom mann og kvinne. Det er mange nyansar i denne saka, og det er inga lett sak. Ting er ikkje svart kvitt, og vi må ikkje ende opp som englar eller mørkemenn. Eg ønskjer å vere open og eit medmenneske, samstundes har vi også Bibelen som vi prestar er tilsette for å lære ut frå, seier Aarseth.

DEBATT: Bjørn (20): «Me må få lov til å hevda det tradisjonelle ekteskapssynet»

Ny liturgi til neste år
Det var på Kyrkjemøtet måndag denne veka at det vart vedteke at det skal lagast ein ny liturgi, i tillegg til dagens, som opnar for at også likekjønna skal kunne gifte seg i kyrkja. Kyrkjemøtet er det øvste representative organet i Den norske kyrkja. Den nye liturgien skal vere formulert på ein slik måte at alle kan bruke han, også heterofile.

Forslaget om å opne for likekjønna ekteskap fekk eit fleirtal på 88 av dei 115 delegata på Kyrkjemøtet. 32 delegat stemte imot. Dermed er det opna for at homofile kan gifte seg i si lokale kyrkje frå neste år av. Den nye liturgien skal vere klar i januar 2017.

Kollega til Espen Aarseth, Arne Moltubak, som er sokneprest i Ørsta, har enno ikkje konkludert med kva standpunkt han skal ta i saka.

– Eg strevar framleis med dette spørsmålet og har enno ikkje landa på kva eg vil gjere når den nye liturgien kjem. Grunnen til at spørsmålet er vanskeleg er at eg kjenner meg forplikta både til Bibelen, som eg framleis opplever seier nei til likekjønna samliv, og til menneske sine eigne livserfaringar. Eg kan difor enno ikkje svare på om eg kjem til å vie likekjønna, fortel han.

Det same seier nyinnsett sokneprest på Vartdal, Ruth-Eva Solli.

– Eg har heller ikkje landa i dette spørsmålet. Kyrkjemøtevedtaket utfordrar meg til å sjå på saka på nytt. Eg har stor forståing for at homofile ønskjer å leve saman, og at dei ønskjer kyrkja si aksept og velsigning over deira val om å leve trufast og forplikta til den dei elskar. Samstundes opplever eg det nye vedtaket som ei grunnleggjande endring i ei teologisk forståing av kva ekteskapet er, og difor er det utfordrande. Spesielt barneperspektivet sakna eg på Kyrkjemøtet. Eg meiner at homofile og lesbiske kan vere like gode omsorgspersonar som nokon andre, men eg synest det er krevjande at ei følgje av den nye ekteskapslova, er at barn kan verte fødde utan ein rett til å kjenne mor si eller far sin.

DEBATT: Ingrid (15): «Stopp diskrimineringa av homofile!»

Reservervasjon
Prestar og andre medarbeidarar i kyrkja kan reservere seg mot å vere med på vigsle av homofile i kyrkja.

– Men alle har eit krav på å få gifte seg i den kyrkja dei ønskjer. Det er ikkje avhengig av prestane, så vi vil finne praktiske løysingar på dette, også her. Dei som ønskjer å gifte seg i Ørsta melder dette inn, og så vil vi finne løysingar for å få dette til, forsikrar Espen Aarseth.

Diskusjonen om likekjønna ekteskap har vore eit heitt tema i kyrkja i fleire år. Ved kyrkjevalet som vart halde parallelt med kommune- og fylkestingvalet i haust fekk Åpen folkekirke stor oppslutnad. Det gjorde at dei fekk inn så mange representantar at det under valet i Kyrkjemøtet for første gong vart fleirtal for homofil vigsel. Det har vore, og er framleis, tydelege frontar i saka, og kyrkja må leve vidare med to svært ulike syn.

– For mange vil nok det vere ei utfordring, og noko som vi må ta tida til hjelp for å takle. Nokre vil kanskje melde seg ut av kyrkja på grunn av dette, mens andre kanskje vil melde seg inn. Det gjeld for kvar enkelt å sjå kva som er viktig for dei for å tilnærme seg trua. Vi må ha fokus på kjernebodskapen, og det er trua på Jesus, seier Espen Aarseth.

Sjølv lever han godt med at kyrkja er delt i dette spørsmålet.

– Det er mykje fordi vi har ein god dialog i kollegiet i Ørsta. I tillegg er dette ei avgjerd som er teken på øvste hald. Då er det noko vi må leve med også lokalt. Vi må halde oss til resultatet, sjølv i vanskelege saker. Eg vil oppmode om samhald.

LES OGSÅ: Nektar homofile jobb i kyrkjer i Sandnes

Arne Moltubak er samd.

– For mange vert det nok ekstra utfordrande no når dei to syna har vorte likestilte læremessig. Eg håper og trur likevel at vi skal greie å stå saman i ei kyrkje som først og fremst skal løfte fram evangeliet om Jesu liv, død og oppstode.

– Eg håper og trur at vi kan øve oss på å leve godt saman, slik biskopar og kyrkjemøtedelegat på begge side så tydeleg uttrykkjer ønske om. Eg håper at homofile framover skal få sleppe å få sitt liv debattert til stadigheit, og at dei som ønskjer vigsel skal få ei god oppleving når den tid kjem. Samstundes veit eg at det er mange med eit tradisjonelt ekteskapssyn som kjenner på uro. Kan vi ha tillit til kyrkja vi er døypte inn i og til dei som arbeider der? Vi er ei kyrkje fordi vi trur på at Jesus stod opp frå dei døde og at han lever i dag. Det er det som er det grunnleggjande, sjølv om kyrkja kjem til ulike konklusjonar i dette spørsmålet. Vi tolkar alle når vi les Bibelen, difor vil vi også kome fram til ulik forståing i ein del saker. Biskopane og Kyrkjemøtet har gjentatt fleire gonger at sjølv om det ikkje er semje om dette spørsmålet, så er det ikkje eit spørsmål som handlar om dei homofile sitt menneskeverd, og at dette ikkje er ei sak av ein slik karakter at det gudstenestlege og sakramentale fellesskapet må brytast. Det vel eg å støtte meg til, seier Ruth-Eva Solli.