– Ei skildring av det norske overflodssamfunnet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ingebrigtsen fekk Nynorsk litteraturpris

– Nynorsk litteraturpris 2015 går til ein forfattar som skriv om omsorg, og om skilnaden mellom det nære og det fjerne. Boka er ei skildring av det norske overflodssamfunnet sett frå utsida, og går rett inn i den dagsaktuelle diskusjonen om korleis vi møter menneske som søkjer ly og livsopphald hos oss, meiner juryen.

Les intervju med forfattaren her!

Spikrar frå fallande plankarer den sjuande boka til Eirik Ingebrigtsen. I boka ser forfattaren frå Os Europa frå perspektivet til romfolket. Juryen rosar forfattaren for ein levande og engasjerande måte å fortelja på.

– Forfattaren har eit nøktern og effektivt språk. Historia er fortald utan store fakter, men slik at lesaren ser alt tydeleg for seg og blir riven med, heiter det.

Prisen, som er på 30.000 kroner, blei delt ut på opninga av landsmøtet til Noregs Mållag i Bergen fredag. Det er Noregs Mållag, Det Norske Samlaget og Det Norske Teatret som står bak prisen.

Juryen har vore sett saman av Ragnar Hovland, Siri Ingvaldsen og Ingrid Weme Nilsen. (©NPK)

LES OGSÅ: Marit Kaldhol fekk Nynorsk barnelitteraturpris 2015